- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
88

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 8. Samanknyting og framattkalling av fyrestellingar hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

88

som vert reproduserte. Det har og granskarar freista å
få greie på so godt som det har vore råd til det. Dei
har då kome til det, at det er mykje dei fyrestellingar
barnet har lært å kjenna på skulen, som vert framkalla.
Serleg er det tilfellet dersom verkeordet er teke fra skule*
målet og ikkje er eit reint kvardagsord. Det er då skule*
visdomen som kjem fram i tankane. Og sers ofte nett i
den form eller dei ordelag som barnet har lært på skulen.
— Sjølvsagt vert det og reprodusert fyrestellingar frå livet
i heimen og i det heile frå det barnet har upplevt fyrr
det kom på skulen. Men og frå det barnet har lese,
vert det ikkje sjeldan framkalla fyrestellingar. Ymse gran*
skarar har funne at hjå mange born har indianarfortel*
jingar og griselitteratur av ymse slag skapt fyrestellingar
som har ein mykje større plass i barnet sitt fyrestellings*
liv enn ein skulde tru kanskje. — Når barnet kjem på
skulen, og når det lærer å lesa, so opnar det seg ei ny
og rik verd for barnetanken. Og det får ei nær sagt
uteljeleg mengd med nye fyrestellingar. Kva verknad dette
har på barnet vert det ofte tenkt lite på. Men det er
mangt i barnet sin måte å vera på som truleg har sin
grunn i alt dette nye som det no lærer å kjenna for fyrste
gong. Meumann fortel at ei ålvorleg mor sa ein gong
til han: «Fyrr guten min byrja på skulen, tykte eg at
eg kjende han ut og inn. Eg visste so vel korleis han
var. Men sidan han kom på skulen, er han komen burt
frå meg. Eg kjenner han slett ikkje att lenger.» Kanskje
mang ei mor har røynt noko liknande — og tenkt det og
kanskje sagt det og med seg sjølv i tunge stunder. For
det er vel ikkje sjeldan å merka at barnet liksom losnar
frå heimen og dei heime når det har gått på skulen
ei stund. Men ei skynsam og god mor vil ikkje ha hjarta
til åndeleg å sleppa barnet sitt frå seg endå um ho
veit ho sender det til ein god skule ; og ho bør heller
ikkje gjera det.

Ei hjelp til å kunna fylgja barnet i denne tid, ’og
ei hjelp til å knyta eit band millom heimen og skulen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free