- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
93

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 9. Ansing eller åtgaum hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

93

ansing, galdt dei 139 synskjenningar og berre 24 høyrsle*
inntrykk. Fyrst med den 5. månaden var det tydeleg at
barnet tok til å leggja merke til høyrslekjenningar, fann
desse tvo vitskapsmennene. — Eg trur ein kann sjå merke
på det tidlegare og. Eg er ikkje i tvil um at eg har set
det fleire gonger hjå born i 4. månaden.

Ut gjenom fyrste halve året kann me soleis sjå eit
og anna døme på ansing hjå barnet. Men det er endå
berre eit tilfelle kva det kjem til å verta uppteke med.
Truleg er det so at barnet endå grip lite eller oftast ikkje
inn på den måten at det styrer sin åtgaum. Men med
dette vert det no noko etter kvart annarleis. Det vert
oftare å sjå både at barnet tydeleg augnefester og fylgjer
ein ting med vilje, og at det stundom liksom leitar etter
noko visst det vil ha fat i. Barnet tek til å velja millom
dei sansepåverknader det har høve til å få, og det
nyttar den sjelelege kraft det rår over, til å halda fast
på eit visst fyrestellingsinnhald.

Kva er det som sermerker barnet sin åtgaum ? Det
skal me no tala litegrand um. Og då skal me fyrst
nemna dei kroppslege kjennemerke.

Det er ein velkjend ting at det sjelelege tilstand me er
i, vert fylgd av visse kroppsverknader. Det er i stor mun
tilfellet med ansing eller gaumsemd. Med ambod ener
apparat som er laga til det bruk, kann ein visa at både
andedraget og hjarteslaget og pulsen vert annarleis når
me tenkjer på noko enn når me sit plent gjerandslause.
Tydelegast syner verknaden seg på andletsdraga. Her
vert det nokon skilnad um åtgaumen gjeld noko utanfor
oss — ansinga er vend utetter — eller um det er eit tanke*
arbeid me er upptekne av — ansinga er vend innetter.
Den innetter*vende ansing har til fylgje at augo stirer ut i
romet, men ikkje noko visst punkt er augnefest. Musklane
i augnebrunene og i panna dreg seg saman soleis at det
lagar seg loddbeine rukker i skallen og serleg millom
augnebrunene; augnebrunene vert og dregne langt ned,
og munnen vert knipen saman. Den utetter*vende ansing

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0095.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free