- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
99

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 9. Ansing eller åtgaum hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

99

å styra åtgaumen. Og det arbeidet har barnet ikkje lett
for å greia.

At barnet har mindre sjeleleg kraft enn dei vaksne,
det gjer og at det vert snarare trøytt. Og serleg dersom
det er eit arbeid som det ikkje har hug til. Barnet øyder
beint fram so mykje kraft på å samla tankane sine, og
å venda dei mot målet, at det masar seg noko ut berre
med det. Og so vert det mindre kraft att til å verkeleg
arbeida med emnet.

Dette å samla tankane sine og halda dei fast ei lengre
tid um same emnet, det er noko av det barnet har minst
givnad til. Det er meir i samhøve med barnet si natur
å lata tanken sviva frå det eine til det andre. Det vil
flytta tankecentrum so ofte. — Etterrøknader har og synt,
at dei fleste born har ei mindre åtgaumsvidd enn dei
vaksne. Eit barn må ikkje verta sett til å ha tilsyn med
mange ting samstundes. Det kann sume vaksne greia.
Og til ymse arbeid krevst nett ei slik evne. Ein lærar,
arbeidsformann, forretningsmann o. s. b. må i stor mun
kunna makta den vansken. Men mange vaksne menneske
veit me har og lite lag til slikt. Og barnet liknar desse
vaksne. Um ein set det til eit arbeid der det krevst eit
auga på kvar finger som ein segjer, so går det gale. Mange
jarn i elden på same tid greier det ikkje.

Men barnet liknar heller ikkje dei vaksne menneske
som har lag til sterk konsentrasjon. Å leggja nøgje merke
til kvar småting, um det so ikkje vert spursmål um sam*
stundes å fylgja med i mange ting, det kann dei fleste
born greia svært lite. Det kjem ein so ofte til å få
røyna når barnet skal gjera greie for kva det nett har
set eller høyrt. For oss vaksne kann uppgåva sjå ut til
å vera ovleg lett. Og me har no so lett for å døma
berre ut frå oss sjølv. Når då barnet gjer so dårleg
greie for kva det har set, so som tilfellet er ofte, so er me
vaksne so snare til å meina at barnet er uviljugt, eller
at det skrøner med vilje. Det treng lel ikkje um å vera
so. Barnet har ei av sine veike sider i det, at det ser so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0101.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free