Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 10. Barnet sitt mål
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
108
94%, raudt 92%, grønt 83%, gult 81%, brunt 58%,
grått 53 %, fiolett 6 %, orange ingen.
I 2*årsalderen tek barnet til å bruka eit og anna
stadsadverbher, der, ut, upp, ned. Tidsadverb kjem
seinare og vert i alle tilfelle sjeldnare brukt enn stads*
adverb.
Barnet er sjeldan mykje over året fyrr det brukar
»nei«. »Ja« kjem noko seinare. I den fyrste tid er nei
og ja i barnet sin munn berre viljeord. Dei vert ikkje
nytta til svar på um noko er so eller ikkje.
Talord brukar barnet tidleg. Men det veit ikkje å
knyta dei rette fyrestellingane til ordet. Barnet er gjerne
3—4 år gamalt fyrr det greier 4. I tre*årsalderen greier
mange berre 1 og 2 sikkert. — Høveord og bindeord er
dei siste ordslag barnet tek til å bruka. Serleg kjem
underordna bindeord seint (i 21/2—3*årsalderen).
Ordbøygning er det ikkje tale um i dei fyrste ord
barnet brukar. Det går kring eitt år frå det byrjar
få til eit og anna ord, til det tek til å bøygja desse
orda. Den fyrste bøygning av namnord er fleirtalsforma,
som barnet tek til å bruka litegrand kring tvoårs*
alderen.
Gjerningsordet vert anten fyrst nemnt i infinitiv, eller
snaue ordstomnen vert bruka. Det siste er det vanlegaste.
Gjerningsordet brukar barnet alltid i aktiv form. Det
går over eitt år frå eit barn tek til å tala, fyrr ein
kann høyra av og til ei passiv*form. Presens og per*
fektum er dei fyrste tidsformer ein høyrer. — Dei former
som krev mest abstraksjonsevne um dei skal verta nytta
med meining, går det sjølvsagt lengst tid fyrr barnet
kann bruka.
Bøygningsformene lærer eit barn helst på den måten
at det tek etter dei vaksne. Det vert t. d. assosiasjon
millom ljodbiletet stolar (som barnet får når dei vaksne
talar) og synsbiletet tvo (eller fleire) stolar, på same måte
som millom ljodbiletet stol og synsbiletet av ein stol. Me
kann og leggja merke til at det fester seg snart liksom
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>