- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
110

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 10. Barnet sitt mål

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

110

har fyrst eit ynske, ein vilje som det brukar eitt einaste
ord for. Seinare løyser det dette ynsket upp i subjekt,
predikat og objekt og kva meir som høyrer til i ei fullgod
setning. Og då fyrst vil det bruka ymse ord for dei ymse
leder som ein analyserande tanke held ut frå kvarandre.
Av di orda i barnetalen er so lite tydelege teikn for tanken,
har tonelaget, minespelet, fakter og åtferd og ytre tilhøve
so mykje å segja når det spørst um å skyna kva barnet
meiner. Med berre det vanlege skriftlege teikn for det
munnlege ordet vilde ein stå reint hjelpelaus.

Det varer umlag eit halvt år dette, at barnet brukar
mest berre setningsovd: det segjer eit ord og meiner ei set=
ning. Hjå sume born kann det og vara burt mot året.
Men i denne tid, medan barnet sjølv brukar mest berre
setningsord, då skynar det godt innhaldet i setningar som
dei vaksne segjer. Det kann ein ofte leggja merke til.
Men skal barnet fortelja att innhaldet i ei slik setning,
so vert det gjerne berre eitt eller tvo ord det freistar få
til. Det grip i farten eit ord det nett har høyrt, og nyttar
so dette ordet til symbol eller teikn for heile setninga.

Når barnet er 20—22 månader, tek det til å laga
små setningar. For det fyrste er det berre 2 ord i kvar.
Ofte vil ein høyra at når barnet skal segja ei slik tvo*
ords*setning, so gjer det eit lite stogg millom orda, og
kvart ord vert uttala liksom i eit lite rykk. Ein kann
høyra arbeidet valdar stort bry.

Har barnet fyrst slutta med setningsord og teke til å
setja orda saman i setningar, so vert det ikkje lenge med
berre tvoords*setningar. Det freistar snart å knyta fleire
ord saman. Men orda vert sette saman utan nokon viss
regel, og i alle fall utan tanke på grammatikalske reglar.
Viktuge ord vert og ofte utelatne, so setningane vert i lang
tid lite tydelege. Sers ofte vert subjektet utelate, serleg
dersom det er eit personleg pronomen. Born som er so
gamle at dei har byrja på folkeskulen, brukar ikkje
sjeldan subjektlause setningar der ein vaksen aldri vilde
gjera det.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0112.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free