- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
112

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 10. Barnet sitt mål

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

112

Tid har barnet berre uklår fyrestelling um. Ein time,
ein dag, ei veke og eit år er for det umlag det same.
Vert det sagt at mor skal koma um ei veke, so spør barnet
straks etter um ho ikkje snart kjem.

I den fyrste tid barnet tek til å laga setningar, brukar
det aldri anna enn hovudsetningar. Dei er stutte og sjølv*
sagt lite utførlege og vert ikkje knytte saman med noko
bindeord. Slike hovudsetningar tek barnet til med i 2*
årsalderen eller litt fyrr. Nokre månader seinare byrjar
det av og til å setja »og« eller »so« imillom.

Det kann gå frå 5 til 15 månader frå barnet tek
til med stutte hovudsetningar til det byrjar bruka under*
setningar. Når det lid noko langt ut i tredje året, vil
dei fleste born av og til knyta ei setning som undersetning
til ei onnor setning; men det er lel ikkje alltid det segjer
bindeordet.

Det er ikkje råd å gjeva nokon regel for kva rekke*
fylgje undersetningane kjem i. Det ser ut til å vera so
ymse. Og ofte er det vel umlag samstundes barnet tek
til med ymse slag undersetningar. Dei som har freista
granska dette, ser ut til å vera samde um at vilkårs*
setningane er kanskje dei som mange born fyrst tek
til med.

Det gjeld i alle ting at barnet lærer av dei vaksne.
Men i serleg mun gjeld det målføring. Barnet lærer dei
ljod, og det lærer noko etter kvart dei ord dei vaksne
brukar i talen sin. Men me veit dei vaksne er ikkje like
gode fyredøme. Og dei har ikkje alle den same ans for
å rettleia borna. Det har mykje å segja for den ord*
artikulasjon som borna kjem til å venja seg. Og det set
og merke på den måten barnet kjem til å ordleia seg
på- Frå barnet sitt mål kann ein i nokon mun draga
slutning um korleis dei vaksne talar og kva krav dei set
til si eiga målføring. — Det er elles ei vanleg røynsle at
barnet og lærer målføring av andre borri som det har
høve til å vera saman med. Ja det lærer i sume ting
endå meir av dei enn av dei vaksne. Difor er det ikkje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0114.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free