- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
117

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 10. Barnet sitt mål

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

117

5—6 år. Det er helst tilfelllet um det i huset er eldre
syskin som dei kann sjå og høyra lesa. Og nokon skade
eller hefting for åndsvoksteren hjå barnet er det visseleg
ikkje i at det får læra det som det gjerne vil læra. Og vert
arbeidet teke vetugt, og barnet er friskt, so fører det ikkje
med seg nokon fåre for barnet si helse heller.

Barnetalen gjev oss ein glytt inn i barnet sitt sjeleliv,
og gjev oss høve til å læra barnet sin tenkjemåte å
kjenna i mange tilfelle. Ein av dei ting ein serleg legg
merke til når ein høyrer barnet tala, er det at det mest
alltid går so bust på, og nemner tanken utan umskriving.
Me vaksne brukar ofte å tala frammed. Det er som me
skulde leva etter dei kjende orda : talen er til for å løyna
tankane. Den diplomatiske kunsten kann ikkje barnet.
Men nett av di det i dette stykket er so stor skilnad på
barnet og oss vaksne, so vert me ofte brydde av barnet.
Det har det naturlege frimod, og for det er det ein sjølv*
gjeven ting å berrleggja tankane sine for kven som helst.
Difor ynskjer vel me vaksne og ofte at me kunde ha den
umsynslause ærlegdom som barnet legg for dagen, og den
barnlege skuldløysa som aldri nokon kunde tvila på.

Både gjenom det barnet høyrer fortalt um på skulen,
og noko etter kvart og gjenom lesing, aukar barnet sine
fyrestellingar, og det eignar til seg fleire og fleire ord.
Dette set sjølvgjeve og noko merke på talen hjå barnet.
Det er berre naturleg, og må so vera. Men stundom kjem
det so tydeleg fram at det er lånte fjører barnet pyntar
seg med. Barnetalen vert ei stakkarsleg herming etter
boka eller læraren. Iser er det tilfellet når barnet skal
tala um slikt som høyrer læreemna til.

At læraren er mykje skuld i dette, er tvillaust. Vert
barnet vant til å ramsa uppatt orda etter boka, so må
barnet si målføring verta som gramofontale. Ikkje minst
kjem dette fram når barnet kjem so langt at det skal til
å skriva for seg. Det er ofte reint ei sorg å sjå kor
stor armodsdomen kann vera jamvel hjå bra evnerike
born, når dei skal målføra seg skriftleg. Dei har ikkje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0119.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free