- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
119

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 11. Minne og hugs

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

119

11. Minne og hugs.

Fyrestellingar kann halda seg i medvitet i stuttare
eller lengre tid. Eg kann tykkja eg ser for meg heim*
bygda, um eg so ikkje har vore der på lenge. Noko eg
høyrde ein gong for 20—40 år sidan, kjem fram i tankane
rett som det er. — Evna til å gøyma på fyrestellingar
og taka dei framatt no og då, kallar me minne. — No
veit me at det hender stundom at me ikkje kann få tak
i ei fyrestelling jamvel um ho ikkje er komi heilt burt
frå oss. Me kann ikkje koma på kva ein mann heiter,
um me so veit namnet aldri so vel. Dette ikkje berre å
kunna gøyma på ei fyrestelling, men og å kunna få fat
i henne når ein vil, kallar ein hugs.1 Givnaden til å min*
nast, og til å hugsa, er visseleg noko av det merkelegaste
i sjelelivet.

Minnet kann vera meir eller mindre påliteleg. Det
har ikkje hjå alle like stor truskap. Og det er i so måte
heller ikkje liten skilnad hjå same mennesket til dei ymse
tider. Heilt påliteleg, soleis at fyrestellingane ikkje vert
brigda det minste um ein går og ber på dei i årevis, det
er vel minnet aldri. Utan at ein veit det, vert fyrestel«
lingane umlaga noko etter kvart. Det vert lagt til og
teke frå meir enn ein skulde tru. — Fantasien grip inn
her. Og då syner det seg ofte at ynske og otte får mykje
innverknad på det som vert laga i tankane. Ein ting
me gjerne vilde skulde vera ovleg gild, vert fullkomnare
og fullkomnare i fyrestellingane våre, di lenger det er
sidan me hadde sansebiletet eller upplevde hendinga.
Og er det noko me tykte ille um, og kanskje me og var
mykje ottefulle for fylgjene, so vert det gjerne gjort fælare
og fælare etter kvart me går og tenkjer på det. Ei fjør
vert til fem høns. For mange eldre veit me det ofte kjem
til å taka seg soleis ut, at i »gamle dagar«, i deira ungdom,

1 Orda »minne« og »hugs« vert og ofte bruka um einannan utan
meiningsskilnad.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0121.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free