Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 13. Etteraping og suggestion
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
145
med seg. Geispar A, so gjer snart B og C og D likeins.
Det er som skulde dei stå og herma etter kvarandre.
Denne etteraping heng saman med at rørslefyrestel*
lingane våre har i dei allerfleste tilfelle lag til å føra til,
at me tek til med den rørsla eller den verksemda me nett
tenkjer på. Kjem det ikkje noko i vegen, anten at me
ikkje har høve til å setja i verk ei slik verksemd som me
har fyrestelling um, eller at den tanken kjem upp i oss at
me av ein eller annan grunn ikkje bør gjera det, ja so vil
rørsla verta sett i verk. — Hjå oss vaksne er det ofte at
det kjem upp ei motfyrestelling som held rørsla attende.
A ser B sputta. Ikkje fyrr får A denne synsfyrestellinga,
fyrr tunga og lippene tek til å røra seg. Han held på og
samlar sputt saman inne i munnen. Men so vaknar tan*
ken um at det er ikkje god folkeskikk å sputta alle sta*
der. Kanskje kjem han og ihug at ein bør ikkje sputta
oftare enn ein er nøydd til det. Og det er han slett ikkje
no. Og so — ja fyrr han er komen til endes med denne
tankeføringa, so har han svalt sputtet ned. Og so sit han
kanskje no etterpå og harmast på B som står og tygg og
tygg som ei ku når ho ligg og jortar, og sputtar og sput*
tar som skulde det vera eit karsstykke av fyrste slaget. —
Ja so kann det gå med den vaksne, den som er vaksen
ikkje berre av alder, men og i vit og folkeleg åtferd. —
Soleis går det ikkje med barnet.
I ein ting er barnet lik den vaksne. Fyrestellingane
har motorisk verknad hjå barnet og dersom det på nokon
måte er råd. Ja dei nyaste granskingar ser ut til å slå fast,
at ei eller onnor rørsle har ei fyrestelling lag til å draga
etter seg um ho so er av det slaget at ein ikkje skulde
finna det truleg. Sikkert er det i alle fall, at får barnet ei
rørslefyrestelling, so vil det setja rørsla i verk, kann det
berre lata seg gjera. På ein eller annan måte vil det taka
etter det, det høyrer eller ser. Og hjå barnet vaknar ikkje
kritikken so lett, som rimeleg kann vera. Ja hjå det vesle
barnet vaknar det slett ikkje kritiske fyrestellingar, mot*
fyrestellingar, for det fyrste. Det tek blindt etter.
Nordeide: Frå barn til vaksen. 10
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>