- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
147

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 13. Etteraping og suggestion

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

147

slepte det ned att so det small godt 79 gonger etter kvar*
andre.

Kvifor gjer ein gut slikt? Av vondskap og for å vera
plagsam? Det treng ikkje vera so. Men guten etterapar
mora for det fyrste i dette tilfellet. Og so er dette arbei*
det med skuffa forvitneleg for guten; han får henne både ut
og inn sjølv. Attåt er det so eit heilt ståk med det. Og
guten likar å bråka på. Difor skuvar han skuffa innatt so
det smell so godt han berre kann få det til. — Denne
rørsle* og ljodfyrestellinga held seg med ei vedvarande
sterk makt i barnesjela og driv guten til arbeid. Kor kann
ikkje ein gut plaga ein »nervøs« far eller ei »nervøs« mor
med ei slik skuffe, eller eit lok, eller ei dør, eller noko
som larmar i alle fall, når han fyrst har vorte sett på vegen.
Nei born og »nervøse« folk høver ikkje saman, det er
visst. Men kanskje kann det å skyna korleis det heng
saman, motverka nervøsiteten litegrand. I alle fall bør det
hindra den uvislege domen um barnet.

Når barnet kann bera seg soleis åt som me no har
nemnt mange døme på, so heng og det mykje saman med,
at det som av ein eller annan grunn vekkjer sterk åtgaum
hjå barnet, det vil helst setja merke på barnet si åtferd.
Sully fortel at ei smågjente såg ein dag at mora reiv eit
tystykke (kattun) i tvo. Dagen etter tok smågjenta til å
riva sund sengtæpet. Då dei so skjente på henne for det,
so sa ho reint barnsleg: »Det er mama som riv sund
kattun.« — Her lyt me og hugsa det me har tala um på
ein annan stad i denne boka, at barnet har slik levande
fantasi. Det har so utruleg lett for å vera mama, beste*
far, lærarinne, hest, ku, katt, og kva det skal vera.

No er det ikkje so berre ei og onnor einskild rørsle
barnet vil taka etter dei vaksne i. Nei det gjeld so å
segja alt. Frå barnet er årsgamalt og til det er 5 år, er
etteraping den naturlegaste og vanlegaste verksemd for
barnet. Umlag alt det barnet gjer, er slikt arbeid. Den
vaksne er mønsteret barnet reint naturgjeve freistar å likna

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0149.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free