- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
169

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

169

Stemningsbilete bryr barnet seg ikkje noko um. Å
syna barnet slike bilete som: »Aftenstemning ved tjernet«,
»Solopgang«, »Uveir ved den norske kyst«, »En birk i
storm« o. s. b. er nyttelaust umlag. Det skynar lite av
bileta og kjenner ingen ting. Det har sjølv upplevt lite
naturstemningar, og det har soleis lite assosiasjonar å
festa til bileta. Og fargar og former og naturtruskap, har*
moni og heilskaps verknad, det er altsaman noko som ikkje
er til for barnet soleis at det vekkjer tankar og kjensler.
Dei bilete eit barn — under 13*årsalderen i alle fall —
skal kunna skyna noko av, må vera realistiske fram*
syningar av slikt som barnet har eller kann ha interesse
for. For dei yngste må dei vera lite sammansette : eit dyr,
eit menneske kanskje i eit visst høve, i ein viss situasjon.
(Det siste kann elles snart gå over det mange skynar noko
av). Men aldri berre eit tomt landskap. Dette siste kunde
det vera grunn til å ynskja dei vilde hugsa på dei som
vel bilete til kinematograf*framsyningar for born.

Til det me no har sagt, er og å leggja attåt, at eit
bilete ofte kann ha meir å segja for barnet etisk og reii*
giøst enn estetisk. Det er god grunn til å bruka t. d.
bibelske bilete i religionsupplæringa når ein har med yngre
born å gjera. Men då tenkjer ein ikkje på at barnet
skal få nokon estetisk hugnad av biletet.

Sjølvsagt er det so at barnet si estetiske upplevings*
evne er ikkje plent den same alle barneåra uppigjenom,
endå um skiftet ikkje er so stort frå år til år. Store
hopp eller sprang er det ikkje i den sjelelege vokster på
noko umkverve. Men denne voksteren frå år til år
kann me ikkje tala um her. Eg skal berre nemna det, at
mange meiner det vert ikkje so lite skifte med den estetiske
upplevingsevna kring 13*årsalderen. Frå den tid ser det
ut til at borna har mykje meir lag enn tidlegare til å få

Mann ist ein Opfer des modemen Kapitalismus.« »Es ist ein strei*
kender aus seiner Heimat vertriebener Arbeiter«). Professor Meu*
mann segjer at sume vaksne kann verta so forblinda av partisynet,
at domen deira jamvel kjem til å stå under skuleguten sin.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0171.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free