Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
180
Me skal so til slutt segja nokre få ord um ærekjensla
og sjølvkjensla hjå barnet.
Ærekjensla har på den eine sida si rot i korleis me
verdset oss sjølv. På den andre sida skriv ærekjensla seg
frå korleis me bryr oss um andre sin dom um oss. — Det
er rådlaust for oss å vera likesæle um kva andre meiner
um oss. Og me kann heller ikkje lata vera å ha ei mei*
ning um oss sjølv, um vårt eige verd som menneske. So*
leis er det med barnet og. Det er ikkje gamalt fyrr me
ser det gjerne vil syna kva det duger til. Det vil visa
kva det kann greia um ikkje anna det har lært å telja til
10, eller det kann nokre bokstavar eller kva det no kann
vera. Barnet er ikkje like glad um anten andre trur det
duger til noko eller ikkje.
At denne naturlege ærekjensla kann verta misbrukt
og føra barnet på avvegar på mange måtar, det skynar alle
som har havt med born å gjera. Men alle uppsedarar vil
og vita at ærekjensla kann verta ei drivkraft i barnet sitt
arbeidsliv, ei drivkraft som ein ikkje må vanvyrda og tyna.
Korleis ein skal taka det i dei ymse tilfelle med dei ymse
born, det kann vera og er eit vanskeleg spursmål. Kvar
og ein vil visst ofte ha stått rådvill stundom og ikkje
skyna kva som var best. — Sikkert er det: barnet må aldri
få grunn til den meining at det er det same for dei vaksne
anten det greier noko eller inkje. Dei små tenester som
barnet kann gjera, må det få lov til. Og det må få den
kjensla at dei vaksne gled seg over at barnet er der og
gjer sitt vesle arbeid. Noko av det verste som kann henda
i ein heim er det, at barnet kjem til å kjenna, at det høyrer
ikkje med til dei som gjer nytte. Det kunde so godt
vera burte. — Nei barnet må få høyra heimen til med det
vesle som det kann gjera. Og når det har gjort eit bra
arbeid — etter det ein kann venta av det — anten det no
er kroppsarbeid eller åndsarbeid, so bør det få den løn at
det får kjenna og skyna at dei vaksne er tilfreds med det.
Den løn bør det få. Men på kva måte mor og far skal
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>