Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
182
15. Um vitet eller skynet hjå barnet.
Ofte er det so at me gjer oss ikkje nokor klår fyre*
stelling um kva me meiner med eit ord. Og då går det
gjerne so at eit ord kann verta brukt i ulike tydingar
kanskje utan at me legg stort merke til det. Soleis er det
ofte med ordet evne.
Ein kann segja at ordet evne har i det heile tvo tydin*
gar. Stundom legg me det i ordet, at me kann løysa ei
viss uppgåve i livet. Me har t. d. bruk for å få ei syns*
fyrestelling av ein viss ting. No har me røynt det fyrr,
at det står i vår makt å stella oss so at me vert medvitande
um synsbilete av ting som er utanfor oss. Og det kann
me gjera no og i dette visse tilfellet det her gjeld. Den
uppgåva å få eit synsbilete av ein viss ting kann me løysa.
Og det er nettupp det og ikkje noko anna me meiner stun*
dom når me segjer at me har synsevne. — På same måten
er det so ofte når me talar um ei evne. Me meiner den
røynde tingen at me kann stetta eit krav livet stiller til
oss. Me har bruk for å krøkja fingeren, armen, foten.
Og det kann me gjera. Me har evne til det, segjer me.
Me har bruk for å taka framatt fyrestellingar me har havt
fyrr. Det kann me og gjera; me har evne til å hugsa;
det har me røynt. På denne måten går det til at me talar
um ei serleg evne mest for kvart viktugare slag av upp*
gåver livet gjev oss å løysa. Det fører til at me talar um
evna til det eller det slag verksemd, det eller det slag
livsyrke. Soleis um evna til å vera talar, skodespelar,
songar, gardbrukar, lærar, handelsmann, politikar, diktar
o. s. b. Og me talar um gode og dårlege evner etter
som me greier uppgåvene meir eller mindre fullkome: god
eller dårleg evne til å lesa, rekna, teikna, hugsa, skriva
stil t. d.
Ordet evne brukar me og i ei onnor meining stundom.
Skal eg få gjort eit arbeid, so må eg bruka ymse reidska*
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>