- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
188

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

188

den. Den kjenslerike kann skyna like so godt som
det turre forstandsmenneske. Det gjeld både born og
vaksne det.

Barnet er ikkje so gamalt fyrr det syner seg at det er
svært nyfike og forvite. Ser det noko nytt, so må det
endeleg ha fat i det. Og so må det riva tingen sund.
Det må ha fat i det som kanskje er inni. Og spør og
spør gjer det. »Kva?« og »kvifor?« lvder frå barnet rett
som det er, etter det er 3—4 år gamalt. Denne spyrjing
kann ein ikkje taka til prov for at barnet kjenner seg drive
til å ordna fyrestellingane sine i årsaksrekkjer. Den logiske
trong er ovleg liten hjå barnet endå. Det ser me so mange
prov på. Og barnet brukar lite kritikk. Det fyrste det
beste svar tek det godt nok, um det er aldri so urimeleg.
— No kann denne kritikklause godtaking koma av, at
barnet møter dei vaksne med svær tiltru. Og barnet har
ofte ikkje fyresetningar til å sjå kor dei vaksne kanskje
narrar det. Men um ein tek umsyn til alt dette, so lyt
ein lel vedgå, at barnet slær seg so lett til ro med eit
svar, at det er rådlaust at det kann ha noko sers på seg
for barnet at det får eit fullt påliteleg svar. Det vil ha
svar; og når det får det, so er det nok for barnet endå.

Alfred Lehmann meiner at det er eit slag instinktiv
forvitenskap som driv barnet i denne tid. Det er visseleg
sant. Av natur er barnet nyfike, utan at det står klårt for
det kvifor det er so forvite, og kva det vil nå med all
handfaring og glaning og fræging.

Det er og truleg so, at når barnet endeleg vil hand=
fara (kanskje og smaka) mest kva det ser, so heng det
saman med at barnet har ein medfødd trong til verksemd.
Det kann ikkje lata vera med berre å »sjå men ikkje røra«,
som det står i ein barnesong. Barnet kjenner nett trong
til å røra armane og fingrane. Og kvifor so ikkje bruka
dei på den ting som det nett ser og står og tenkjer på.
»Berre sjå men ikkje røra, det har mama ofte sagt«, det
er sant nok. Men for barnet er det unaturleg. Det bør

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0190.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free