- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
194

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

194

fleire av dei. Og det er det kanskje god grunn for. —
Det er og so, at dei krev at den som skal gjera prøvene,
har godt pedagogisk skyn, og visseleg og lang øving i
arbeidet. Elles kann svara verta ovleg misvisande.

Binet fortel at han fann, at av 203 skuleborn hadde
103 normale evner, etter det mål han hadde sett; 44 stod
over og 56 under. Av dei som stod over det vanlege,
fann Binet berre 2 som var so mykje som 2 år fyre sin
alder; 12 var 2 år etter sin alder. Dei andre var so kring
1 år fyre eller etter for normale jamaldringar. Millom
dei beste og dei dårlegaste var det soleis ein intelligens*
skilnad som svara til 4 år. — Dei som i vit eller skyn
står so mykje som 2 år tilbake for sin alder, dei er det
grunn til å otta for det ikkje vert mykje med når dei
vert vaksne heller. — Ja kanskje er dei fåmingar sume,
legg Binet attåt. Fyresetnaden for denne domen er då
sjølvsagt, at det ikkje er skort på høve til åndeleg øving
som er årsaka.

Det er vel noko sant i det franske ordtaket, at den
som er toskut, han er det for lang tid. Det er vel og ei
vanleg røynsle som mange lærarar har gjort, at har t. d.
ein 10*åring vanskeleg for å fylgja med 8*åringane —
og det ikkje er vanrøkt som har sett han tilbake — so er
det nyttelaust å ha han i ein vanleg folkeskule. Han
bør koma på ein skule for born med serleg små evner.
— Men det er og god grunn til å tenkja seg vel um, fyrr
ein sender eit barn til ein fåmingsskule. Det må me og
ha i tankane. For det fyrste får ein som har vore på
ein slik skule, eit merke for livet i folks umdøme. Og
for det andre kann det verkeleg vera råd å taka storleg
i miss um sjelsevnene. Sume born er so modfallne og
hugstolne på skulen, at dei tek seg tosknare ut enn dei
er. Og so kann det vera, at hjå sume born er det som
evnene ligg i dvale ei lang tid. Og i ei slik tid kann det
sjå myrkt ut med framgangen. Men vårløysinga kann
koma lel ein gong. Og då kann ein få sjå det ein ikkje
hadde venta. Det hender og av og til at ein får sjå, at

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0196.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free