- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
206

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16. Viljelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

206

16. Viljelivet hjå born.

Det er mange verksemder ein kann leggja merke til
jamvel hjå det nytødde barnet: hjarta slær, barnet andar,
blinkar med augo og vender dei litegrand, rører hender
og føter, brukar munnen til å suga og skrika o. s. b. —
Barnet har ingen tanke eller meining med desse verksem*
der. Arbeidet vert sett i verk utan at det har gått noko
tankearbeid fyreåt. — Barnet kann heller ikkje tenkja
endå. Hjernen er ikkje ferdiglaga til slikt arbeid so tidleg.
Det har me tala um fyrr. Men ei mengd rørsler som er
plent naudsynlege for vårt fysiske liv, vert sette i verk
på formålstenleg måte lel. Det er ei mengd motoriske
centra som utløyser slike rørsler. Desse centra finn ein
serleg i rygg* og halsmergen. Endå barnet ikkje har
nokon tanke med desse slag arbeid, so er det likvel so, at
det fyrste tankearbeid ein kann leggja merke til hjå
barnet, det kjem til å knyta seg til ymse slike rørsler.

Når barnet svelt t. d., so er det ikkje berre ei
ser-merkt organkjenning det då upplever. Denne kjenninga
er fylgd av ei sterk ulystkjensle. Og det fører til at barnet
vert uroleg. Det skrik, og brukar alle dei lemer det har
herredøme over, so godt det kann. Beintfram er dette
strevet nyttelaust. Skriking og sparking mettar ikkje. Men
umveges kann dette arbeidet vera gagnleg lel. Dei vaksne
skynar kva som vantar barnet, og so får det det som
trengst. Og so kjem det i godlag att. Tek dette seg uppatt
ofte nok, so kjem den tid då barnet kjem til å tenkja
på kva det fyrr har rått i slike tilfelle, straks hungeren
melder seg. Og då kann barnet taka til å skrika med
den tanke at det vil ha mat. Her har vorte knytt ein
assosiasjon millom fyrestellingane um ulysttilstandet og um
middelet eller utvegen som har vore nytta. Og dette minnet
vert avgjerande for kva barnet kjem til å taka til med
i visse tilfelle.

Det har vore lagt merke til, at alt i den 4. månaden

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0208.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free