- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
242

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 17. Overgangsalderen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

242

ingen som kan bli så tilbedt hvis hun består for dom*
stolen. — En sådan ung pige er gjerne ligeglad med sit
udseende. Dette kan være kjedelig nok for en mor; men
det er en feil som er lettere at rette end pyntesygen. Hun
er gjerne intelligent, har en rasende læselyst, ved intet
morsommere i verden end at høre på de voksne tale.
Godt er det for hende hvis hun har forældre som er istand
til at tilfredsstille hendes åndelige hunger.»

Ragna Nielsen har visseleg rett: det er ikkje lett å
fylla dei krav som vert sett til ei mor som skal kunna
vera for ei slik dotter det ei mor burde vera. Men det er
nok ikkje berre når uppsedaren har å gjera med slike
uvanlege ungdomar — får ein vel segja — han er sett
til eit vanskeleg arbeid. Det er han i alle tilfelle, endå
um vanskane ikkje er dei same med alle.

Tenkjer me no attende på det me har set um korleis
gutar og gjenter kann vera i overgangsalderen, so vil me
vel ikkje finna at det er å undra seg over, um foreldra
ofte vert mismodige. Det kann mang ein gong vera grunn
til det. Men me vil og finna at mismodet lett kann verta
bygt på feilsyn og mistyding og. Det lærer og røynsla
oss. For det er ikkje sjeldan å høyra og skyna det, at
ufullkomenskap vert halden for vondskap, og det natur*
gjevne for unatur. Og ofte vert eit stutt varigt vokster*
tilstand teke til merke på ein livsvarande veikskap eller
sjukdom.

Det er ikkje noko å undra seg over eller å taka seg
sorg av at 15—17*åringen er komen berre eit stykke på
vegen i både mangt og mykje. For det er etter natur*
lovene. Og med den ting er det ikkje noko å gjera. Til
slikt reknar eg det tilstand kroppen og dei ymse kropps*
lege organ er i: hjarta, lunger, blodårer, musklar, hjernen.
Det kroppslege tilstand viser at det kann vera lett å
gjeva seg eit helsemein desse åra. Men ein skal heller
ikkje vera uppskræmd og tru ein vert ei helseløyse alle
dagar um hjarta arbeider noko ustøtt i denne tid, og um
ein kjenner seg trøytt og halvt nedfor stundom jamvel um

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0244.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free