- Project Runeberg -  Nordisk tidskrift för bok- och biblioteksväsen / Årgång V. 1918 /
139

(1914-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Det eldste prentet av Petter Dass. Av Torleiv Hannaas, Bergen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

DET ELDSTE PRENTET AV PETTER DASS

Av

TORLEIV HANNAAS, Bergen

AV DEI NORSKE DIKTARANE fraa danske-tidi er det ingen som
hev fenge slik inngang hjaa aalmugen i Noreg som Nordlands-presten
Petter Dass. I tvo hundrad aar hev han vore lesen og sungen i
hus og hytta fraa Nordkapp til Lindesnes. Og enno den dag i dag er
skrifterne hans rett vanlege i bondestovorne, serleg nordanfjells og vestanfjells.

Alt medan Petter Dass livde, vart dikti hans mykje kjende i Nordland.
Dei gjekk der i avskrifter fraa mann til mann. Men det var lenge fyrr dei
kom paa prent, so dei kunde naa ut i vidare krinsar. Og det kom seg mest
av di at diktaren budde so avsides.

Etter han kom heim fraa universitetet i Kjøpenhamn 1667, livde han
heile sitt liv i Nordland, »i det land, hvor der ei findes skrift eller bøger»,
som han sjølv segjer. Dei lengste utferderne hans var nordfare-stemnorne
til Bergen. Og ingen stad der han vanka, f anst det eit prenteverk i dei
tider. Soleis gjekk det til, at daa Petter Dass døydde i 1708, hadde han
ikkje fenge prenta ei einaste av bøkerne sine, endaa han longo hadde gjort
deim fullt ferdige til utgjeving. Men daa dei so fyrst fann vegen til
prente-verki, daa gjekk det og slag i slag med nye utgaavor.

Petter Dass’s bibliografi er grundig granska av avlidne rektor A. E.
Erichsen (Eriksen skreiv han seg lenge). Han gav ut Dass’s Samlede
Skrifter, I—III, Kristiania 1874—1877, og eit tillegg Dassiana, Kr.a 1891. I
innleidingi til fyrste band av Samlede Skrifter, s. LXXXII—LXXXVIII, og i
Dassiana, s. 133—135, gjer han greida for alle dei utgaavor som daa var
kjende.

Men den nyaste og beste Dass-bibliografi er no aa finna i Hjalmar
Pettersens store Bibliotheca Norvegica. Der f ær ein vita um 28 utgaavor
av »Aandelig Tids-Fordriv eller bibelske Vise-Bog», 23 av »Dr. M. Lu-

Nord. tidskr. för bok- och biblioteksväsen 1918. 18C7 \Q

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:09:48 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokobibl/1918/0145.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free