Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Från bok- och biblioteksvärlden
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
184
FRÅN BOK- OCH BIBLIOTEKSVÄRLDEN
og økonomi. Ymse avdeilder er atter delt i flokkar
(utan titel). Eg saknar ei avdeild for
religionshistorie; i avd. 6 er samanført reint heterogene ting,
som bergverksdrift (nr. 373) og mythologi (nr. 374—5).
Aa placera titlarne i dei saklege avdeilderne vil det
stødt vera visse vanskar med; ein kjem aldri f raa,
at surne titlar høyrer heime paa tvo eller f leire
stader, — dei er og difor i ymse tilfelle uppført tvo
gonger i denne bibliografien; men slikt burde
kann-henda gjenomførast i større mun. Det krev noko
meir umtanke og kjennskap til innhaldet, men ingen
bibliograf gjer ille i aa taka paa seg denne møda,
for derved vert hans arbeid fullkomnare som
sak-bibliografi og difor nyttugare for brukaren, som hev
mest interesse av aa vita, kva boki eller avhandlingi
hev aa bjoda, enn av det reint bibliografiske. Det
er difor spursmaal, um ikkje eit par upplysande ord
i ein merknad til titelen ogso kunde gjera sin nytte,
iser ved ufullkomne titlar. IaUefall bør titelen
cite-rast fullt ut, naar han segjer noko um innhaldet;
det er t. d. misvisande, at ein titel som denne:
»Christian Andersen Ingelstad, organist paa Toten
og orgelbyggjar», i nr. 319 vert avkorta til: »Kristian
[sic] Andersen Ingelstad, organist»; stykket gjeld
nemleg orgelbyggjaren meir enn organisten. (Tilfellet
viser, at bibliografen, — som ved denne titelen gjort—,
ikkje maa lita paa innhaldslista i
samlingspublikationen — der staar nemleg den avkorta titelen! —,
men bør gjenomgaa sjølve boki; det hender ogso
stundom, hev eg set, at nokon artikel er
over-sprungen i innhaldslistor til tidskrifter o. dl.) At
DarraSarljöd, det gamle norrøne kvædet um
Clontarf-slaget i Irland 1014, er uppført baade under »Norske
utbygder» (nr. 219) og under »Sprog» (nr. 449), er som
det skal vera; men daa burde Eystein Åsgrimssons
Lilja (nr. 453—4), likeins Sölarljöå (nr. 455), baae
religiøse kvæde, ikkje berre staa under »Sprog»,
men ogso — og fyrst og fremst — under »Kirke»
(jfr. nr. 471), — Eit praktisk spursmaal, som forresten
ogso spelar ei viss rolle økonomisk i desse tider, daa
det er so dyrt aa prenta bøker, er det, um ein ikkje
kunde vinna mykje plass ved aa spara inn ny lina
ved recensionar av bøker og ved kjeldeupplysningar
til avhandlingar og artiklar fraa tidskrifter o. dl.
Det vil vera like greidt og forstaaelegt, um ein har
»utgang» berre for kvart nummer, O. K.
Norsk arkæologisk aarsbibliografi.
Bibliografi over arkæologisk litteratur
vedko-mande dei nordiske land (fyrehistorie og
millom-alder) er alt sidan 1899 aarleg meddelt av
amanuensis ved Universitetsbiblioteket Fr. Olsen f
i Aarsberetning fra Foreningen til Norske
Fortids-mindesmærkers Bevaring 1899 til 1907. W. P.
Som-merfeldt, ogso amanuensis ved
Universitetsbiblioteket, heldt fram med bibliografien for 1908 ff. i
Aarsberetning 1909 ff., utvida til den nyare tid, men
no med avgrensing til Noreg aaleine. Fraa 1914
um-fatar denne bibliografien berre historisk tid. Den
fyrehistoriske arkæologiske litteraturen vart daa
utskilt i ein serleg bibliografi, ogso denne ved "W.
P. Sommerfeldt, — prenta i Oldtiden, tidsskrift
for norsk forhistorie; i bd. V (1915) s. 1—33 kom
bibliografien for hundradaaret 1814—1913, i bd. VI
(1917) s. 288-96 fylgjer 1914—16 og i bd. VII (1918)
s. 280-4 1917. Titlarne er ordna alfabetisk, med
talrike krysstilvisningar. Innanfyre eit so trongt
umraade er vel ei sakleg ordning i desse smaa
aarsbibliografierne upraktisk, men i den større
fyrehistoriske bibliografien for 1814—1913 hadde
sakleg uppdeling vore ynskjeleg, iallefall i ei
parallellista. O. K.
Norsk boktryk-kalender.
Gledelegt for alle vener av vaart bokhandverk er
det tiltak aa gjeve ut ein kalender for norsk
boktrykk som eit serlegt organ for utøvarane av
Gutenbergs gamle, men alltid nye kunst. Faglege og
tekniske spursmaal skal her dryftast, serleg til
rett-leiding for yngre typografar, som interesserar seg
for aa utvida sine innsigter og utvikla sin smak
paa det vigtuge umraade, der det fyrst og fremst
kjem an paa prenteverks-arbeidet, um bøker og
trykksaker verkeleg skal verta ein hugnad for
auga.
Fyrste aargangen av kalenderen er utkomen
under titelen: Norsk boktryk.Kalender 1918. Første
aargang. Utgit av den Typogr. Forenings Fagkomité
(nedsat av Kristiania Typografiske Forening
1915)-144 s. + 12 bl. almanakk. 8vo. (Pris kr. 3.oo).
Direktør H. Gro sch opnar publikationen med ei
velskrivi liti innleiding um boktrykk og bokutstyr.
Millom dei uppimot 20 stuttare og lengre artiklar
finn ein stykke um skrift og ornament, det gyllne
snitt, sats av lysingar [annoncer] med 36 prøvor
fraa ei tevling som kalenderen hev faatt til,
satsteknik i andre land, trykkteknik, avisteknik,
reproduk-tionar, färgar og fargeto, m. m.
Boki er prenta med petit glas antikva kompress,
men er trass i dette paafallande typeval lett
lese-leg, og er i det heile nett utstyrd og vel
fraaseg-gjord (A. W. Brøggers boktr, i Kra.). Upplaget
vart straks burtrive og nytt upplag kom vaaren
1918. O. K.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>