Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
226
OLUF KOLSRUD
er blitt innlagt i prosessakten og hefta til den. Dette er teknisk vel moge-
legt; A 93, som er ein pergament-codex i lite folioformat, er nemleg ikkje
innbunden i stive permar, men i eit mjukt og romslegt umslag av fora damask,
og innanfyre det var det god plass til den litle raude papircodex. Korleis
den litle boki hev vore festa ved prosessakten er ikkje no lenger synlegt,
daa dei 10 fyrste blad i A 93 seinare er utskorne.
Under den fylgjande kanonisasjonsprosessen i Rom er den försegla
svenske prosessakten (A 93) blitt öpna, ved overskjering av seglsnorene,
som hev gaatt gjenom baade indre og ytre margen og gjenom umslaget og
rundt ikring codex, og den litle boki (P) er daa eller seinare blitt teki ut.
Den vidare gransking fyre kardinalkommisjonen resulterte i ein ny stor
prosessakt, som er umtalt av Johannes Franciscus de Pavinis i hans Sum-
marium, og forte fram til beatifikasjon av Katherina 16. august 1482.1
Det er rimelegvis under denne akt i kanonisasjonsprosessen, at P hev
fenge paateikning um prenting. Um boki verkeleg vart prenta etter P, er
uvisst; til grunn for Stockholmsutgaava ligg, som paavist, ei onnor og betre
avskrift. I alle fall hev den svenske prosessakten (A 93) og libellus rubeus
seinare teke vegen til Polen, uvisst naar og paa kva maate, og dei hev der
hamna paa kvar sin stad, den fyrste i Kraköw (no i Stockholm), den andre
i Lwöw. — Si noverande innbinding hev P utan tvil faatt i Rom, daa
permane er klædde paa innsida med tvo stykke av eit pergament-dokument
fra aar 1461, innehaldande ei uppteikning og vurdering av buet etter den
avlidne pavelege auditör Bernardus de Bosch o (derunder ogso katalog över
hans bibliotek, med prisar).
1 Norges gamle Love 1388—1604, II (Oslo 1934), nr. 396.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>