Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Den nynorske bokhausten 1933. Av Olav Dalgard
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
- 23 -
gong når det blir spursmål um fortida at folket. Både
folke-livsskildringane og det folkloristiske mnhaldet er underbygt med
grundig studium, og det heile er set saman med ein intenst
skapande fantasi som gjer både innhald og form levande og
fascinerande. Eit verk som difor bør finnas-t i alle
folkebok-samlingar.
På si vis sensasjonel er og Jakob S a n d e s nye
diktsamling: «Frå Sunnfjord til Rio». Dei fleste dikta er
skrivne på langfart. Det er ei rad dramatiske snapshots frå
sjømannslivet, romantiske og kav realistiske på ein gong, fyllte
av lengsel etter heimlandet og tradisjon frå forne ville dagar
på land og sjø. Forfattaren har ei uvanleg evne til å fortelje i
knappe handlingsmetta strofar. Denne evne har skaffa honom
eit større publikum enn nokon nynorsk lyrikar har havt før.
Sande representerar for so vidt ein ny ættled i lyrikken, den
sakleg realistiske ættleden, som reagerar mot den overdrivne
individualismen og den subtile sjeleanalysen.
Det gjer og på sin måte Aasmund Sveen i
«Jordelden». Han og dyrkar eit islag naivisme, som kjem mest
talentfullt fram i bolken «bygdeviser». Men Sveen er meir
intellektuelt innstilt, refleksjonen gjer seg sterkare gjeldande
både i innhald og form. Han freistar finne fram til nye uttrykk
i den frie rimlause strofen, og det lukkast jamt over godt. Alle
dikta hans er merkte av ein evnerik imgdomshug, som tek mot
inntrykka med musikalsk varnæme, og gjev dei att i ei
personleg nyskapande form.
Det same gjeld mange av dikta til Halldis Moren i den
nye samlinga, «Strender». Her møter ein den nye ættleden
i feminin reaksjon mot det gamle i livskjensle og ytringsmåte.
Medan dei fyrste samlingane hennar var merkte av ureflektert
ungdomeleg djervskap, syner «Strender» både «større mogenskap
og sterkare skuggar. Dei most personlege dikta krinsar um
spursmålet liv og død, og har ein melankolsk grunntone.
Den eldre ættleden er i lyrikken representert av Peter
Munheim. Hans «N y e dik t» er ei samling av ymse slag,
sogadikt, uppsongar og naturdikt. Best er han i det siste slaget.
Han syner ei sterk naturkjensle og ei sikker formevne i den eldre
rimrike og noko deklamatoriske stilen. I «Norske bilete» og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>