- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / 1934 /
138

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 138 -

sjølv dei reglar dei vil arbeida etter, men S. Sti. må godkjenna
lovene og sjå etter at ingenting strider mot ordenens lovverk.
Dei avgjer sjølv kor mange mediemier det skal vera (vanleg
5-12), kor ofte møta skal haldast, kva emne ein vil arbeida
med, kor store årspengane skal vera o. ,s. b. På denne måten
fær arbeidet utvikla seg fritt, og slepp å stivna i former og
vedtak. Det er kunnskapstrongen og tilhøve på dei ymse stader
som vert det avg j er ande.

Vanleg tek cirklane til med blanda program. Dei arbeider
med foredrag um ymse emne, upplesing, forteljing, ordskifte,
handskrlve blad og gjerne ogso song og musikk. Medlemene
fær etter tur eller etter eige ynskje arbeida med dei emne som
interesserar. Det er no eingong slik at alle kan ikkje yta det
same, men alle må få uppgåvor dei kan makta og som dei
inter-esserar seg for. Etterkvart tek «o cirklane for seg eit fast emne
som vert arbeidd med so lang tid det trengst, ofte hedle året.
I Bjørnsonåret var det soleis over halvparten av cirklane som
arbeidde i stuttare eller lenger tid med Bjørnsons biografi og
dikting. Elles er det alkoholspursmålet som oftast vert teke som
emne. Mange arbeider ogso med sociale emne, eller med
litterære spursmål. Upplæring i framande mål, serleg engelsk, driv
ogso mange med. Siste året har cirklane fylgt med i
kringkastinga, og det har vore stor interesse for seriane
«Kommunalkunnskap» og «MillomfoKkeleg samarbeid».

Det vanlege er at cirklane har møte kvar 14de dag. Siste
året vart det halde ialt 2 737 møter. Talet på møter segjer elles
ikkje alltid so mykje. Det kjem mest an på korleis møta vert
fyrebudde og styrde. Arbeidet i seg sjølv er slik at det meste
og viktigaste må gjerast heime millom møta. Ofte er det so at
møta mykje vert til kontroll av arbeidet, medlemene fær halda
sine foredrag, lesa upp, innleida ordskifte o. s. b., og på ein
skynsam måte vert prestasjonane kritisert. Det vert so avtala
nye eimne og uppgåvor og gjeve rettleiding um korleis ein skal
arbeida med disse. Under alt dette lærer medlemene å k j ennå
kvarandre, og dei lærer av einannen. Skal ein cirkel arbeida
godt, må ein finne den kameratslige tonen og få vekt
solidari-tetskjensla hjå medlemene. Då fyrst kan resultatet bli bra.

Arbeidet knyter ses: elles naturleo; til bøkene. Det er stort

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:14:52 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1934/0152.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free