Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
- 328 -
blad og bladtiltak. Ivar Ullensvang (f. 1736) vann seg
fram til å verta styrar av «Kjøbenhavnske nye Tidender om
lærde Sager». Eit fornemt skrift i dei dagar. Ole B r o s e f. i
Kinsarvik 1725 f 1787 i Bergen, redigerte i 1765-77
«Efterretninger fra Adressecontoiret i Bergen».
Tidi 1800-1850 er inkje bokrik. Det er liksom det samlar
seg til kraftauken seinare. Ein presteson frå Ulvik, den seinare
namngjetne Simon O l a u s Wolf, skreiv ei f ort ei j ing
«Hard-angerne» prenta i tidsskriftet «Hermoder» 18212. I 1842 skreiv
S j ur H a ah eim frå Granvin um emigrasjonen til Amerika.
Eit verdfullt kjeldeskrift til den soga. Same året skreiv
Kinsar-vikbonden Johannes K v æ s t a d, eit kjend viseprent i
«Kvasta-visa». Men kring 1850 stig der fram i Sørfjorden ein
trikløver, som i si dikting gjev ei klår avspegling um den friske,
frilynde folkehugen og vert fyrebodet for alt som hev korne
seinare.
Det er S j u r S exe med den naudvene isongen «Gjætlegutin».
Eit dikt, isorn inkje bleiknar gjenom åri. Kor mangein eldre
Harding hev inkje sulla den songen. Straks etter kjem Ola
Utne og O d d m u n d Urheim med sin folkelege poesi og
prosa. Det vart til heimehugnad langt utum heimbygdi, og
høy r er n o til vore sjeldsynt e folkeminne.
På same tid som den unge Sexe gjekk berrføtt i vårregnet og
dikta «Gjætlegutin» livde ein annan ånds- og diktarhovding,
som hev rita Hardanger eit udøyande minne i «Den engelske
lods» i diktet: «Gives sted paa jorden» - Henrik Wergeland.
Han så dei stolte ord for 100 år sidan som fekk vårande verd:
«Bokhyllen er den stige, hvormed du kan bli overmannens lige».
Instinktvore åtte Sexe same kjensla og gjenom slepesamt arbeid
nådde han fram til den høgaste stilling ved universitetet vårt.
Han fyllte i rikeleg mun eit rom med sine vitskaplege bøker i
«Hardangerbiblioteket». Han er inkje aleine. Mange hev slege
fylgje i boklegt yrke - i stortingssalen, i kongens råd, i kyrkja
vår. Kvar på sitt umkverve hev dei i si livsgjerning vore med
å gjeve oss tilfang både med vitskaplege bøker av alle slag og
reint litterære bøker og ’småprent.
Lat oss sjå litt statistisk på eit sovore Hardangerbibliotek. I
et halvt sneis år hev eg samla tilfang til ein bibliografi um
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>