Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Skuleboksamlingar. Fyredrag ved bibliotekkurset på Solborg 1934, av bibliotekar Jakob Alvsåker, Torvestad
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
bøker — som Topeliussogor og Sogor fra millomalderen — er
høvelege til å lata elevane lesa upp stykke or.
Endeleg kann boksamlingi brukast som orakel, med di ein
kann lata borni skriva av spursmål eller arbeidsuppgåvor dei
skal finna svar på i bøker.
Dersom ein steller med ei barneboksamling ei tid, so vil ein
leggja merke til at det jamt yver er dei flinkaste elevane, og
dei som gjerer seg mest fyre med skulearbeidet sitt som lånar
mest. Og dette er ikkje merkeleg. For desse elevane arbeider
lettare og snøggare enn dei som hev tungtverkande hjerne. Det
er då berre rimeleg at dei fær høve til å stetta lesetrongen sin,
og tanken på dette skulde difor og vera ein spore til å arbeida
for å skipa boksamlingar ved alle skular.
Legg ein merke til kva bøker born likar, vil ein gjerne finna
at dei ikkje berre leitair etter spanande lesnad, men dei er på
leiting etter ideal. Og den litteratur som kann syna borni ideal,
hev si store uppgåva, skulde ein tru.
Når ein skal velja bøker til barneboksamling, kann ein
sjølvsagt ikkje berre ta umsyn til kva bøker borni likar. I
Kyrkjedepartementet sin «Katalog over bøker skikket for
skoleboksamlinger» med tilleggslistor finn ein god rettleiding — med di
dei beste bøkene er stjernemerkte og med ein liten notis for
kvar bok — og elles i «Håndbok i Norsk Barnebibliotekarbeide».
Ein skuleboksamling på landsbygdi kann ikkje, og bør ikkje
vera ein kopi av eit bybibliotek. Når t. d. barnebibliotekaren
ved Deichmanske, R. Bjølgerud Deinboll, fører upp
konversasjonsleksika som høyrande med til bokutvalet i
barneboksamlingar i byar[1], so vil det for dei fleste skuleboksamlingar på
landsbygdi (med eit budgett på 40—50 kr.) vera jamgodt med
å gje’ seg til å skjota etter månen. Ein fær freista finna mindre
og billegare bøker. Barnebibliotekaren i Bergen frk. Wiig nemner
vanlege lesebøker som dei beste leksika for born.[2] Og dei kann
lata seg gjera å få sjølv for ein liten boksamling. Brukar ein
t. d. Nordahl Rolfsens lesebok i skulen, so bør ein ha Austlids
lesebok i skuleboksamlingi og «Hjemme og ute» av Munch og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>