Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Noregs Ungdomslag slær eit slag for folkeupplysningi
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 237 —
kjent gleda ved fritt å gje seg med i lesnaden av ei god bok!
Korleis kan ein vente at dei skäl bli glad i bøker? Det er ei
armod so stor at det er sart å tenke på det. Enda undrar surne
seg over at det blir kjøpt etter maten lite bøker på bygdene.
Kanskje vi her og finn ein grunn til at styremaktene mange
stader let folkeboksamlingane forfalle utan at det kom protest
fra ungdomen.
Med den nye biblioteklova får vi vone på eit sterkt omskifte
når det gjeld skuleboksamlingane. Og ungdomslaga har her ei
vakker og verdfull opgave i å hjelpe til med å få skipa slike
boksamlingar alle stader der slik hjelp er turvande. Det vil
ikkje berre vere til giede for barneflokken. Det vil i andre
omgang kunne lette arbeidet for oss mellom ungdomen på fleire
måtar.»
Etter fyredraget fylgde eit interessant ordskifte og framlegget
vert til slutt vedteke samrøystes. I ein redaksjonell artikkel
skriv «Dagbladet» m. a. um denne framstøyten:
«Det er naturleg at ein møter eit slikt upptak som dette med
den største interesse og samhug. Det er lett å segja: Kva kan
vel dei unge i Noregs ungdomslag gjera med dette, når ikkje
Storting, regjering, fylkesting og heradstyre greider det. Men
då gløymer ein det som har hendt fyrr: Dette laget reiste i si
tid og førde fram det vern um norsk ungdom som trongst mot
det åndsmørke og den drepande skort på folkeupplysning
bygdene våre leid under for ein mannsalder sidan. Det var den
opinionen Noregs ungdomslag i fyrste rekkje reiste, som førde
fram til det veldige umski’fte vi fekk i desse ting.
Det er i røynda ingen grunn til å tvila på at ungdomen eig
den same makt som då til å skapa den opinionen som mobiliserer
samfundsmakta. Det er. same makta som driv dei:
Sjølvupp-haldsdrifta, trongen til å verja sitt eige liv.»
På årsmøtet gjorde Noregs Ungdomslag ogso eit vedtak som
beinveges gjeld den økonomiske studnaden til boksamlingane.
Det vart ogso vedteke samrøystes og lyder soleis:
«Årsmøtet i Noregs Ungdomslag segjer seg glad for det
endeleg er slutt med nedskjeringa av løy vinga til folkeboksamlingane
c
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>