Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Det daglege arbeidet i dei små folkeboksamlingane. Av bibliotekar Jakob Alvsåker
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
i nokonlunde rett tid. Det syner seg alltid at når ei bok vert
liggjande altfor lenge hjå ein lånar, ser ho ikkje slik ut når ho
kjem att som då ho var utlånt. Boklumma er kannhenda
vekkrivi, og kanskje det hev vore 4—5årige skribentar og strika
med blyant i henne. Lause blad er det gjerne og. Boki er
ikkje vidare fin å lata gå i utlån att. Passar ein på og limar
innatt dei lause bladi med same, kann ein berga boki lenge.
Det finst i handelen gummiera papirremsor som kann brukast til
å festa bladi innatt. Korleis bøkene ser ut hev mykje å segja.
Ein skal ikkje undrast på at folk helst vil låna bøker som er
reine og fine.
I sumar såg eg ein boksamling der bibliotekaren kvart år i
sumarferien vaska alle bøkene utanpå med salmiakkspiritus
utblanda i vatn og etterpå lakkera dei med blankfernis.
Boksamlingi såg svært fin ut.
Dei mest lettvinte av utlånssystemi er kortsystemi. Til små
boksamlingar kann ein godt greida seg med eit eittkortsystem.
Eit kortsystem gjer det og lettare å føra statistikk yver kva
bøker ein lånar ut, fagbøker av ymse gruppor eller diktlitterære
bøker. Som alle bibliotekarer veit skal dette førast inn på
årsmeldingi som kvar haust vert send inn til Bibliotekkontoret.
Sjølv um ei boksamling arbeider godt, kann det vera godt
å minna folk um at ho er til. På butikkar og andre stader der
folk samlast set ein upp plakatar um kva tid ho er opi. Listor
yver dei nyaste bøkene slær ein upp både i sjølve
boksamlingsromet og på butikkar. Lista yver religiøse bøker slær ein upp på
bedehuset, og lista yver bøker som serskilt kann interessera
ungdom — på ungdomshuset. Ein drivande bibliotekar
samarbeider gjerne med formenn i dei ymse lag innan bygdi, ungdomslag,
misjonslag, losjar, mållag, og bed formannen kunngjera for
medlemene kva bøker biblioteket hev um den saki dei arbeider for.
Bibliotekar Fiskå hev skrive ein god artikkel um «Yrkeslesning»
i «Bok og Bibliotek» nr. 2 1934 der han kjem inn på dette. I
boksamlingsromet kann ein — um der er plass til det — laga
til små utstellingar av bøker ein gjerne vil folk skal lesa.
Er det so at bygdi er vid og uppdelt som ofte er tilfelle i
fjordbygder, so kann ein likevel ordna det slik at flest mogeleg
fær nytta boksamlingi. Ein kann laga til bokkassar på umlag
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>