Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- I.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
I.
THI ser I til, som aarle opstaa — Og sidde om
Aftenen silde, — Med Sorrig, Arbeide og stor
Vantro — Saa ville I gjøre eder. rige: — Med
Kummer I æde det harmelig Brød, — Thi Gud giver sine
baade Klæder og Fød’, — Naar de monne sødelig
so-ove«, — song dei inne hjaa han Ole Johannes
Sørbraut ein sur, kald Maandags Morgo i April.
Dei heldt Bøn kvar Dag i dette Huset; for Ole
Johannas var paa sin Maate ein gudeleg Mann. Han
var ikkje vakt, og alt um han stundom hadde prøvt
paa aa umvenda seg, so hadde han ikkje fengjet dette
til, totte han, saa det laut vera til han vart gamall
og fekk betre Stunder. Men han tenkte likevæl som
so, at det var best aa halda seg til Guds Ord so
mykje ein kunde, og serleg lagde han Lag paa aa
halda Borni sine til Boki. Difor heldt han Bøn kvar
Morgon, og i desse Bønestunderne maatte heile Huset
vera med. Det skulde vera so; Ole Johannes hadde
leset det i Luther og i Johan Arndt, og dei vakte
gjorde det so, dei og. Det var dessutan rimelegt i
seg sjølv. Song ikkje kvar Fugl si Morgonsalma til
Guds Æra? og skulde me vera mindre kvike til aa
prisa Gud enn dei ufornuftige Fuglarne? So laut
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023
(aronsson)
(diff)
(history)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0009.html