Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
6
gaa daa, veit eg!« — Glad rar Maren, og endaa
gladare Daniel.
Paa Skulen var godt aa vera. Folk hadde det
altid litt reinslegt og koselegt inne, naar Skulen var
paa Garden, og Skulemeistaren var so snild, at han
.aldri slog andre enn dei, som gjorde Fantestykkje,
og det gjorde Daniel aldri. Og ikkje Judith helder.
Det maatte vera gildt aa vern Skulemeistar. Her
kunde han gaa inne all Dagen turr og varm, ja
sun-dagsklædd og fin, og vyrd som ein framifraa Mann
av alle; god Mat fekk han, og Skulen var daa ikkje
stort annat enn ein Leik mot aa gaa og vabba i
Moldi. Daniel tenkte titt med seg: den, som kunde
verta Skulemeistar.
Paa Skulen fekk han ein Dag ei Forklaring um
Arbeidet, som han lagde Merke til. Dei hadde i
For-klaringi um Syndefallet, og der viste det seg daa, at
Arbeidet var komet av Syndi. Hadde ikkje Syndi
voret, so hadde me voret frie Arbeidet. Væl hadde
Adam og Eva arbeidt paa ein Maate i Paradis og;
det stod, at dei var sette i Edens Hage til aa dyrka
og vakta den. Men fyre Syndefallet var Arbeidet
berre som ein Leik elder ei Moro; for daa var
Naturen so godviljug mot Mennesket, at Arbeidet gjekk
av seg sjølv og gav dei rikaste Frukter for inest
ingenting. Derimot etter Syndefallet hadde Naturen
vortet so vrang og f orv end, at han berre gjorde
Motstand mot Mennesket, so Arbeidet no var ein tung
Trældom i Stræv og Sveitte, og endaa gav Jordi so
lite av seg, at det berre var so vidt me kunde liva.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>