- Project Runeberg -  Bondestudentar /
8

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

s

nok ikkje nyttad for Smaafolk aa vilja gjera seg
Tankar um nokon Ting.

So laut ein daa finna seg i aa tru, at Arbeidet
var ein Ting, som det ikkje leet seg gjera aa faa ut
or Verdi. Og han vart mest rædd seg sjølv, som
hadde slik Hug til Lediggang; for daa maatte det
verta lett for den Vonde aa faa han i si Magt. Men
fyrr han visste av det, fekk han Trovst mot denne
Suti. For no utviklad Læraren, at det var ikkje
aaleine Arbeidet med Henderne, som ein kunde kalla
Arbeid; langtifraa! »Trur f. Eks. du Daniel, at
Presten ikkje arbeider ?« No hadde Daniel i Grunnen
trutt dette; men han forstod, at her skulde svarast
Nei, og so svarad han Nei. »Nei«, sagde Læraren,
det maatte ein ikkje innbilla seg. Presten og Futen
og Sim v aren og Amtmannen, dei arbeidde i Røyndi
likso mykje som me, og stundom meir; og »]vva trur
de ei- tyngst, anten aa arbeida med Henderne elder
med Hovudet ?« Der var Reire, som tok imist her
og svarad, som dei meinte, at det var tyngst aa
arbeida med Henderne. Men Daniel forstod, at det
ikkje var dette Svaret, Læraren vilde hava, og so
svarad han høgt og trygt: »d’er tyngst aa arbeida
med Hovudet«. Og Læraren gav Daniel Rett og
gjorde litt Narr av dei andre, som kunde svara so
tankelaust. Dei skulde prøva aa arbeida med
Hovudet slik som Presten, dei, so skulde dei faa kjenna.
Naar ein skulde sitja baade Nott og Dag og lesa i
djupe Bøker og studera framande Maal, ja lesa sjølve
Bibelen i Grunnteksten, so kunde ein nok faa Sveitten

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free