Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
veringar og Villmenn upp i Gallia. Var det nokon
Ting? Daniel hadde leset mykje gildare
Krigsskildringar i »Almuevennen«.
So vart der daa stort Stræv og liten Framgang
med Latinen lians Daniel. Men Kapellanen brydde seg
ikkje so mykje um dette. At den naturfriske
Bondeguten greidde seg kleint i Latin var i Grunnen berre
eit Merke paa, kor sterkt det romerske Væsen bar
heile vaar nordiske Aand imot. Vaar sterke nordiske
Aand vilde ikkje inn i den romerske Tvangstrøya.
Og so trøystad han Daniel med, at han altid lærde
nok Latin til aa faa Artium med. Det var ikkje
verdt aa kasta burt for mykje av sin Ungdom paa eit
Fag, som ikkje styrkte, men snarare forkvaklad
Aanden, og som det i Grunnen berre galdt aa gløyma,
so snart ein hadde fengje Eksamen.
Fransk kunde det og drygja med. Alt dette
romanske var framandt for oss og kunde altso ikkje
utvikla vaar Folkeaand. Aanden var som Diamanten,
kunde berre slipast i sitt eiget Støv. Matematikken
laut Daniel »pugga«, for den forstod ikkje Kapellanen
seg paa; men no var han komen ut av Vane med
aa pugglesa, og desse Formlarne og Bokstavarne var
dessutan so vrange aa hugsa. Det gjekk soleis ikkje
svært fort i »Matematikken« helder.
Det, Daniel lærde mest av, var Soga.
Kapellanen fortalde godt, og Daniel fylgde med i stor Gleda.
Det var so lett, dette, og so godt aa hugsa. Gløymde
han nokot, so saag han etter i Verdenshistoria si, og
paa den Maaten beit Hendingarne seg betre fast i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>