Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og den kalde Vinden like lier inn i Sengi til meg,
naar eg skal sova?« — »Skal du sova, hev du endaa
mindre godt av aa liggja i denne Osen«, svarad
Daniel vigtigt; han tok til aa banka paa Glaset paa
nytt, men ikkje so sterkt. Likevæl gjekk det upp,
og dermed leet han det staa paa Glytt og tok
til-beins ut. Men Gamlingen laag og kokad burti Sengj i.
Og so tok Vinden Glaset og slog det heilt upp.
Skjelvande krabbad Gamlen seg upp, gjekk burt til Glaset,
og slog det att med ein rasande Smell, som Daniel
maatte høyra, so sannt han var i Huset.
Etter den Dagen gjekk Ole Johannes lengje
og berre mur-tagde. Men for Maren slog han paa,
at Daniel visst ikkje hadde godt av all- denne
Lærdomen. Maren forstod Meiningi og gjekk strakst til
Daniel med elet. Daniel vart sur og gav vondt; men
daa bad Mor hans han hugsa paa, kva denne
Skulegonga kostad Far hans. Det var ikkje aa undrast
paa, um den gamle Mannen vart litt saar paa det;
Pengarne skulde han ut med, og saag han so, at
han berre fekk Skam til Takk —. — Aa, desse
Pengarne, rengde Daniel. Var det hellest nokot
Pengar aa snakka um enno? Las ikkje Kapellanen
fritt kanskje? Han brydde seg nok ikkje so mykje
um desse Pengarne, han. Til dette svarad Maren,
at ein kunde daa væl ikkje for Skams Skuld lata
Kapellanen stræva for reint inkjevetta; ein laut altid
senda han ein Kjøtfjording elder ein Smørambar so
daa og daa, og so laut ein ofra litt raust paa dei
store Høgtideme, og det same laut ein gjera med
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>