Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
50
Og no totte Daniel at han hadde vunnet.
For det fyrste skulde han faa koma ut. Og
for det andre skulde han faa koma til Byen. Han
hadde ikkje voret mange Gonger der. Men han
hadde voret der so mykje, at han visste, kva Byen
var. Med sine høge, veldige Taarn, med sine fagre Hus
i lange, lysande Rader, med sine straalande
Kraam-buder, fyllte med alt det gildaste i Verdi, med sine
Hagar og Tre, med sine stolte og fornæme Folk, som
gjekk og strauk paa Gata i Gull og Silke og blanke
Sko og visste korkje av Arbeid elder Sut aa segjat
totte Daniel, at Byen minnte um det nye Jerusalem.
Men Innferdi til Byen minnte um Paradis. Store,
kvite, staselege Hus med Glasdører, med Altanar
kvilande paa kvite Stolpar og umvundne av grønt Lauv,
med ljose, herlege Salar, straalande av Krystal og
skinande Gull liksom Salomons Tempel, og rundt
umkring svære, døkke Hagar, umgjevne med grøne
Lauvgjerde og med staute Traleverk av støypt Malm,
yver skygde av framande Tre, store og forunderlege
som Cedrar paa Libanon, upplyste av glødande Blomar,
av kvite Kirsebærtre, av bleikt blømande Aplar som
unge Brurer med friske Kransar um sitt unge Haai\
og fyllte med ein Ange so søt og sæl, at ein maatte
tenkja paa Balsam fraa Gilead . . . Daniel kunde
ikkje drøyma seg nokot fagrare. Alt var paa ei
onnor Gjerd enn heime. Framandt, forunderlegt,
stor-fellt, berre tenkt paa aa vera fagert. Ein kunde
sjaa, at Folk her ikkje turvte tenkja paa Pengar
elder spyrja kva det kostad. Kong Salomons Rik-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>