Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
<53
var Bondegutar, dei og; men Ole Bentsen og Peter
Dirk vilde nok helst hava finare Lag. Dei hadde
i det heile ein merkjeleg Umtanke for seg sjølve.
Det viste seg, at dei ikkje hadde nokot imot aa
vera med paa eit og annat, som kunde vera
faar-legt, t. D. eit Slag Kort, elder ei halv Flaska 01
med Cigar til; men dei visste altid aa stella seg
so, at um galet skulde gaa, so kunde ikkje dei faa
Skuldi. Vilde ein hava dei med paa nokot, som dei
ikkje likad, so sagde Ole Bentsen, at han Peter ikkje
var motad paa det, og Peter Dirk sagde, at han torde
ikkje for Ole Bentsen. Men paa Skulen greidde dei
seg godt, for det var Lesehestar av Velten. Dei
jamrad hardt yver, at det gjekk so smaatt, og
Hausten etter meldte dei seg ut av Skulen og reiste til
Kristiania, daa dei kunde faa Eksamen baade snøggare
og billegare ved aa gaa paa »Fabrikken«. —
— Endeleg tok det til aa lida fram mot
Eksamen. Daa vart det ein annan Dans, Det tok til
a a livna og kvikna i baade Grutar og Lærarar, liksom
det vert Uro i ein Smalagarde, naar det dreg upp til
Uve’r. No kom Bøkerne for ein Dag, og no kom
Kunnskapen og Arbeidet til Æra. Kor mykje hadde
den leset til i Dag, og kor mykje hadde den leset?
Kunde Per det? og kunde Paal det? Kva tydde det
Ordet, og kva tydde det Ordet? Kva var det for
Præ-posisjonar, som styrde Ablativ? Kunde Per det
Beviset? kunde Paal konstruera den Potygonen? Annat
var ikkje høyrande fraa Morgon til Kveld, so Daniel
vart reint fælen av all denne Lærdomen. Han totte
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>