Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
71
Han gjekk under, dersom han ikkje naadde fram.
Kunde Vaarherre tillata, at ei Sjæl gjekk under?
Der var mange rike Folk i Byen. Der var
Folk, som kostad burt Tusund paa Tusund berre til
Stas og Moro. Det stod just i Bladet, at Grosserar
Helle hadde kjøpt seg ein Lystkutter for 800 Dalar.
800 Dalar til ein Lystbaat! Med dei 800 Dalarne,
elder berre med Helvti, kunde han voret bergad!
Elder Jeremias . . . Han foor og flakkad i den
vide Verdi, og ingen visste, kor han var. Kanskje
var han i Amerika . . . Gifte seg med ei rik Dame,
vart Eigar av ein Million. Kom heim, greidde heile
Bundten . . .
Elder den, som kunde faa fat i Bergkongen.
Elder i Nissen, elder i ein Dverg, elder i nokot annat
slikt . . . Der var Rikdomar nok, i Jord og Haug,
den som berre visste aa finna dei. At ikkje den
gamle Dagfinn Sørbraut likso godt kunde ha funnet
ein Klump Gull! — Der var mange, som hadde
funnet Gull i gamle Haugar.
Tarald Huste! Han skulde vera ein vælhalden
Mann. Enn um ein snakkad væl med honom?
Aa nei. Han var ein Moldtræl han som dei
andre. Han var endaatil Jaabækianar. Og kva Sans
hadde ein slik for Aand og Vitenskap?
— Men Jaabækianaren Tarald Ruste hadde tenkt
litt paa den unge »Studenten«. Det var ille, at dei
Pengarne skulde vera reint burtkastad, totte Tarald,
og dessutan skulde Guten vera flink. Det vilde visst
og vera godt, um me kunde faa fleire Embættsmenn
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>