- Project Runeberg -  Bondestudentar /
80

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

80

Daniel uviss, »Folk segjer ikkje so; men det skrivst
so.« »Kva segjer Folk daa?« spurde Haugum.
»Folk—; dei segjer . . .« — »Folk segjer væl
Sør-braut«, lagde Markus Olivarius myndigt inn; han
kunde Landsmaal. »Ja«, sagde Daniel; »dei segjer
Sørbraut.« »Altso heiter Garden Sørbraut daa«,
dømde Haugum; »og det skulde ikkje vera godt
nok?« — »Sørbraut?« spurde Daniel med store Augo.
Javisst! Sørbraut! »Sørbraut er eit godt Namn«,
dømde Markus Olivarius. »Men Sørbrød —
ha-ha-ha-ha! SøerbrøZZ« — han hermade det paa Dansk —,
»det duger ikkje. Ha-ha-ha! Det er dei danske
Futarne, som hev funnet paa det. Søerbrøzz,
ha-ha-ha-lm!« — »Surbrød«, smaa-lo Johannes Ortvedt;
Daniel vart blodraud, men kom seg att, daa han •
saag, at ingen hadde lagt Merke til det. Markus
Olivarius gav seg til aa halda eit Foredrag um norske
Gardsnamn og danske Futar; men Haugum, som
visste, at Tidi var knapp, stoggad han og heldt istaden
eit Foredrag til Daniel um Namnet Sørbraut. Det
var eit godt og norskt Namn, som han burde bruka; —
»ikkje sannt, Rud?« ropad Haugum til ein nykomen,
som just stod og lagde Bøkerne sine ifraa seg paa Pulten.
»Heiter Garden Sørbraut ?« spurde Rud. »Ja —?«
sagde Haugum. »So er der væl altso eit Nordbraut
og?« Dei saag paa Daniel; »n—ei; jau!« sagde denne,
»men langt ifraa . . . langt, langt.. .« »Det er det same«,
dømde Rud; »altso heiter Garden Braut. »Sør« og
»Nord« er berre Tillegg; Braut er Namnet, og Braut,
bør De heita.« Jens Rud sette seg; Saki var avgjord.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free