Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
93
slike Augo, at han vart reint varm um
Hjarte-røterne; og daa kunde dei gamle Eventyrdraumarne
hans livna upp att. Men dei unge Frøknerne gjekk
altid sin Veg, og han høyrde aldri nokot ifraa dei. —
Det var sjeldan, han fekk taka slike Turar.
Paa Fabrikken fekk dei so vitlaust med Leksur, at
den, som vilde fylgja med, laut lesa baade Dag og
Kott. No lærde Daniel seg dessutan for Aalvor til
aa røykja; det høyrde med til Studentlærdomen, det
og. Og so sat han si meste Tid paa »Hybelen« og
las, røykte og las, so det verkte i Hausen. Det var
stridt, men det var karslegt, totte Daniel; for no
kunde han daa kjenna, at han studerad. Med
Byrgskap skreiv han heim, at no las han, so det heiltupp
røynte paa Helsa.
Av Kjenningar fraa gamalt aatte Daniel tvo, Ole
Bentsen og Peter Dirk. Desse Kararne gjekk no i
øvste Klassen og greidde seg godt. Peter Dirk var
nokonlunde den same, smaa-lentug og pynteleg, men
kanskje ikkje fullt so vigtig. Men Ole Bentsen hadde
vortet gudeleg her inne. Han var ltomen til aa bu
hjaa ein heilag Skomakar, fortalde Johannes Ortvedt;
»og daa han forstod, at han kunde faa bu for halv
Pris, dersom han umvende seg, so umvende han seg
naturlegvis«, meinte Johannes. Daniel kunde sjaa, at
Ole Bentsen hadde forandrat seg; det rolege, kjøtfulle
Andlitet hadde stivt seg og strekt seg og vilde vera
aalvorlegt, og dei smaae graakalde Augo strævad med
aa synast kjærlege. Og Daniel forstod snart, at Ole
Bentsen gjekk med løynske Tankar um aa frelsa hans
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>