Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
98
med raudt, stridt Skjegg, snaud i Skallen, stygg som
ein Konstabel.
I denne Flokken fann Daniel att dei Tankarne
og Draumarne, han hadde lært hjaa Kapellan Hirsch,
og som han gjøymde paa i Løyndom som ein dyr
Skatt. Han kom altso med i den folkelege Flokken;
men han torde ikkje visa seg ivrig i si Tru; for
han hadde litt vondt Samvit, naar han tenkte paa
Grosserar Helle og Kapitalist Finsen. —
Der var mange Skulemeistrar og Seminaristar,
eldre som yngre. Det var stillfarande, snilde Folk.
Prestar vilde dei verta mest alle. Dei hadde si
Livsgjerning der, meinte dei; for dei hadde drøymt
um -aa*verta Prestar, fraa dei var smaae. Her gjekk
dei daa og sleit for aa naa denne Draumen; men
so vart dei trøytte og nervøse, og gjekk daa tidt og
pinte seg med store Tvil. Kanskje hadde dei teket
imist av Livskallet sitt. Kanskje hadde desse
Preste-tankarne berre voret ein Draum av deira eigi
Faa-fengd. Kanskje hadde dei mistydt sin »Bestemmelse«,
forspillt, »forfeilet« sitt Liv. Det vilde vera fælt.
Det vilde vera skæmelegt. So lengje høyrde Daniel
paa slikt, til dess han sjølv gav seg til aa tvila og
grubla; men han fekk ikkje slikt Aalvor i det som
dei; — han var væl for ung. —
Haugum og Ortvedt hadde lagt seg upp litt
Pengar som Skulemeistrar; her inne hadde dei fritt
Husver hjaa ein Kjenning, og dei vilde paa den
Maaten klara seg fram til Artium utan aa koma i
Skuld. Der var fleire, som hjelpte seg fram sjølv,,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>