- Project Runeberg -  Bondestudentar /
111

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


V.


illustration placeholder


«EN! to! tre! Pu — ns!« — »En! to! tre!
Pu–ns!« Og dei dundrad Takt med
Hender og Føter, og friske, unge Røyster, klaare
som Song, ropad Ordet ut av all si Kraft, og endaa
var det som det døyvdest ned i den Surr og det
Staak, som fyllte den kyrkjestore Salen som eit
urolegt Hav.

Det var Russelag.

Fraa Ende til annan var Golvet sett med
Smaabord og Krakkar; men kvart Bord og kvar Stol var
sett med »Russ« so tett som Flugur i ein
Sukkerkopp. Russ og Ikkje-Russ. Der var Studentar og
Kandidatar, og der var Kopistar og Skulemenn, og
ein saag Professorar, og Bladmenn, og Snyltregjester.
Men ikveld var dei Russ alle ihop, glade og øre,
tyrste etter Puns og etter akademisk Fridom. Det
var ikkje Russelag meir enn ein Gong um Aaret; og
der var ikkje Ungdom i Byen, utan naar der var
Russelag. Og liksom Russen møtte upp for med
stormande Gleda aa segja sin grønaste Ungdom
Farvæl og døypast inn med Puns og Song i det vaksne
Samfund, soleis møtte dei vaksne og gamle upp for
aa lyftast i Puns og Song attende til den Tidi, daa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0120.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free