Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
113
Og so alle dei skjemtefulle Ord og Ordtak, alle dei
vrange Spursmaal og snøgge Svar, og all den
ravgalne Latinen, som flaug gjenom Lufti som ein
Nisse-dans! So fri som her hadde Daniel aldri kjennt seg.
Kvardagslivet med sitt Stræv og sitt Vas var gløymt;
Folk hadde lagt Tankarne og Sorgerne etter seg heime;
Morgondagen var ikkje til; Gleda, Gleda aaleine skulde
liva; dette var aa vera Student! Dette* var det
ideale Studenter li v.
Men Punsen gjorde seg drjug, og Russen vart
utolmodig. Rundt heile Salen reiste det seg Rop
etter Gude-Drykken, og der vart ei Tramping og eit
Lurve Leven, so det var svært godt aa hava tjukke
Øyro. Ein ung Fyr med eit blaatt Band paa Bringa
ropad inn gjenom ei Dør, at Punsen maatte lagast
fyrst! — men han vart ikkje høyrd; kven brydde
seg dessutan um slikt Ptosasnakk. Langt um lengje
viste det seg ein Skjenkjesvein, og strakst etter fleire;
Punse-Kannur hadde dei, og Glas. Hurra! Hurra!
Alle Hundar gøydde, alle Hanar og Gaukar gool; men
dei, som maatte vera Folk, klappad i Henderne og
haukad. Og med eingong ljosnad Salen av hundrad
vinkande Hender og Handkragar; alle vilde hava fyrst.
»Pst! herhit!« »Vov! vov! herhit!« »Opvarter!
Opvarter!« » Jens !« » Kristian !« » Munnskjenk!«
»Ganymedes!« »Pst! Pst!« — og Salen var aa sjaa til
som ei kraumande Maurtuva. Forunderleg snøgt kom
det Puns utyver tiL alle Bord, og Hans Haugum, som
kjende Kristian — Haugum kjende i det heile alle Folk
— fekk ei Kanna aaleine til seg og sin Flokk.
Garborg: Bondestudentar. g
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>