- Project Runeberg -  Bondestudentar /
131

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

131

Dermed vilde han ikkje ynskja nokot so stygt,
som at alle desse fagre nnge Gutarne her skulde
verta Sveinkallar; for det vilde vera Synd baade for
dei og for den arme Kvinna, som nok altfor gjerna
vilde verta gift, stakkar, endaa ho jamt gjekk og gjorde
seg kostbar og slog paa Nakken, so lengje ho ikkje
var yver 30 Aar. For Kvinna var Kjærleik; ho var
skapt til aa gifta seg; og slik som ho no vart
upp-lærd, so dugde ho ikkje til annat helder, og lite til
det med. Mannfolki elskad nok, dei og; det fekk
me Sveinkallar kjenna, som altid elskad og ikkje
fekk; men det var paa ein annan Maate, det; det
var som Rovfuglen med Skinn og Bein og Sinar og
Segar og krokutte Nebb og Klo. Men Kvinna elskad
som ho var skapt til: lik Bylgja, som trillar paa det
kolblaae Hav i sitt avrunne. og "uendelege Mynster for
all Venleik.

— Ja, gift dykk, Gutar! men gift dykk med
Vit, og fljug ikkje stad og tak dykk ei Kona, fyrr
de kann føda henne; for daa gjeng det galet, som
me jamt ser. For Kvinna vil med all sin Elskhug
hava Mat, og det hev ho Rett i. —

Han sagde mange Ting um Elskhug og Mat,
som Daniel totte var upoetiske, ja raae. Men kvar
Gong han skulde til aa forarga seg yver dette, kom
det ein Sleng i Talen, som gjorde, at han maatte læ.
Og han lo og klappad, som alle dei andre.

Talen sluttad med eit Par Vers um, at Kvinna
med alt annat godt ogso var fager, og det var det
beste ved henne. Og det viste seg, at Dølen no

9*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0140.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free