- Project Runeberg -  Bondestudentar /
134

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han ikkje vera, og skulde han styra Folk og Land,
so kunde ein banna trygt paa, at Skuta gjekk i
Aa-keren.

No lagde ein av Dølens Kammeratar seg inn i
Samtalen — Daniel likad hellest ikkje dei Kararne;
dei saag so høgvise og aandsaristokratiske ut —:
»Aa ja«, sagde Mannen; »men dei turkar no meir
og meir inn, desse gamle ægte Byraakratar. Ein
skjer ikkje strafflaust Navlestrengen av millom seg
og Folket. Ein kann sjaa det utanpaa dei, kor dei
turkar. Desse lange, spede Kropparne, og desse
kvasse, turre Andlit, dei høyrer ikkje livskraftige
Folk til. Det er som dei var i Spikje. Nei; daa
er der annan Merg i desse breidvaksne, kjakesterke
Bondegutarne . . .«

Her braut Dølen av; han vilde nok helst snakka
sjølv i Kveld. »Ja«, sagde han, »Kulturen gjer
Folk fagre og ædle, men veike og visne tilslutt, og
so maa det Hunner og Vandaler inn ifraa Asia til
aa friska upp det tunne Blod. Men me tek ikkje
vaare Vandaler fraa Asia; me tek dei fraa Bondebygdi,
og difor gjeng ikkje Samfundet vaart under i denne
Process, nien yngjer seg sjølv uppatt, liksom Satumus,
som aat sine eigne Born. Og me vil altid hava
Villmenn til aa friska upp Samfundsblodet vaart med,
so lengje me hev desse kjære Bønder og Husmenn,
som liver av Bustegraut og ult Flesk, og kliv i alle
dei Bakkar og Berg, som til er, og væl so det, og
syg i seg ei Luft, som er so sterk, at um dei trollad
ein Bymann like fraa Gata og der upp, so vilde han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0143.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free