- Project Runeberg -  Bondestudentar /
141

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

141_

laag og strævad etter det, som gav i Gryta og fyllte
i Pungen; ikkje Sans elder Syn for sannt Menneskeliv
— det aandlause Matstrævet laag som ein Trolldom
yver Landet; Folket maatte vekkjast, der maatte Aand
inn i Livet, Aand, Tankar, Poesi . . . Kandidat Meier
var ein bra Kar; han vilde verta Folkehøgskulelærar,
og det burde me i Grunnen verta alle ihop; men ein
Prest kunde og gjera mykje godt; Kapellan Hirsch,
som hadde voret hans Lærar . . . det var . . . det
var . . . Kapellan Hirsch var den beste Mannen paa
Jordi! »Hadde ikkje han voret, so hadde ikkje eg
sitet her.« Daniel mest greet av 01 og kjærlege
Tankar; — Haugum hadde aldri visst, at der var so
mykje Eld i Guten. Og han tenkte paa, kor sannt
det daa i Grunnen var, at under den kalde
Bonde-hamen bankad tidt dei varmaste’ Hjarto. —

Daniel var modig som ein Akilles. Han slog i
Bordet med Ølglaset og sagde »Skaal! — Ei Skaal,
mine Herrar! for Kapellan Hirsch og alle, som er
liksom han, og som vil vera med paa aa løysa det
norske Folket or Trolldomen! Skaal!« — »Ja, den
Skaali kann me nok drikka«, meinte Haugum; og
Daniel høyrde med djup Gleda, at Sven Dufva for
seg sjølv sagde »Bravo.«

»Og nok en Skaal for dig, min Ven!

og for de norske Piger! —«

song dei inne i Salen i villt Kor; no hadde
Elskhugen fenget Magti. »Hi-hi-hi! kor glade dei er!«
lo Daniel; og strakst etter tok han i med —:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0150.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free