- Project Runeberg -  Bondestudentar /
159

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

159_

glodde; i ein Benkekant snaavad han; det gav eit
Brak; so steig han tvo Stig fram paa Tærne, fekk
Tak i Brevet paa Maate og Vis, innbill te seg, at han
bukkad, men det vart berre ein Rykk i Nakken, —
og so attende til Plassen sin, krylande og sveitt, men
glad, fordi det var yverstridt. Likevæl varde det ei
Stund, fyrr han torde sjaa upp; han var rædd, Folk
sat og glodde paa han og flirde.

— Daniel tok til aa tenkja, der han sat. Han
minntest Dølen og hans Hunnav og Vandaler; —
skulde Dølen ha meint dette aalvorlegt? Naar ein av
dei plattyske kom, var det, som det skulde vera ein
annan Nasjon. Det var ikkje altid sagt, at dei var
fagre; det var ikkje eingong sagt, at dei førde seg
godt; dei kunde vera stygge som Arvesyndi og
keivelege som Trehestar, — og likevæl! Likevæl saag
ein, at dei var »Herrar«. Dei hadde i all si Ferd
nokot trygt og sjølvbyrgt; dei hadde dette, som
Ho-rats kallad frons urbana, og dette var kanskje, naar
alt kom ihop, det sanne Daningsmerket. Var dei
fødde med dette? Var det nokot, som ein maatte
vera fødd med? Var det ikkje sannt, at me alle
var like av Naturen, og at det ædle og høge
føddest likso ofta i Hytta som i Borgi? Skulde
Vaarherre ha stelt det slik, at dei, som var fødde
i Rikdom, dei fekk alt godt, men dei, som var
fødde i Armod, maatte bera Merket av det alle sine
Dagar?

Daniel vilde ikkje tru dette. Vaarherre var ikkje
slik; — fraa hans Haand var Alle like. Vai’ der

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0168.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free