Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
176_
aa vera Konge, og som daa vilde liggja paa Laaven
all Dagen og eta Rjomegraut. Daniel aatte i
Grunnen same Ynskjet, berre han fekk ein Roman til
Grauten, og ei Pipa.
— Ettersom Tidi leid, fekk han slik ein
forunderleg Mathug. Han var svolten allstødt, endaa
so maklegt som han livde. Dette kom ille med no,
daa han just skulde spara.
Det vart verre og verre. Mat-Tankarne vart so
sterke, at han fekk snart ikkje Fred for dei. Han
kunde lesa dei gildaste Forteljingar um Kjærleiks
Sorger og Kjærleiks Sæla, og so maatte han upp og
riva i seg eit Stykkje Mat. Elder han kunde lesa
um Riddarliv og Kjempeverk, drøymande um salt
Kjøt og Flesk og Erter paa »Dampen«. Og det
glødde for Bringa av Svolt, og han kjende Lukti av
Flesk og gule Erter, so han mest ikkje kunde halda
det ut.
Stundom stal han seg paa »Dampen« dei
Dag-arne, daa han etter Rekningi skulde halda seg
heime. Den sterke, strame Matlukti fraa Eimkjøken
kom yver han som ei Forføring, og han luskad
avstad som Drikkaren til Sjappi, endaa Samvitet gnog
og gnaalad og minnte um, at han ikkje hadde Raad.
Naar han so naadde den livsalige Gluggen, der
Maten kom langande ut igjenom som fraa eit Rikdoms
Djup ... og naar han fekk det rjukande varme
Fatet millom Henderne, so at no var det ikkje lenger
Draum, men handfast, paaliteleg Sanning, — aa,
han kastad seg yver Maten som eit Dyr, slog Kryl
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>