Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
_L89
Fjell! Men som han tenkte dette, kjende han
innanfor Tanken Samvitet, som vaknad og stakk Nosi
fram og sagde: det er ikkje sannt.
Skulde det vera det, som var i Vegen? Vilde
Vaarherre gjenom Naud og Trengsla bøygja hans
Hug og driva han til Bot og Umvending? Han vart
litt rædd ved den Tanken. Dagen etter gjekk han
upp paa Universitetet for aa sjaa betre etter um den
Huslærarposten. Det var kanskje ikkje verdt aa krevja
for mykje av Vaarherre; Ein fekk sjaa aa hjelpa seg
sjølv so lengje. Men daa han kom der upp, var
Lysingi um Huslærarposten burte. Ein annan hadde
voret ute i Tidi og fenget Posten.
— Daniel ruslad heim . med bøygd Nakke og
tunge, svabbande Stig. Men etterkvart som han
gjekk, tok Draumarne til aa vakna paa nytt. Han
hadde all Villmannens usløkkjelege Tru paa Tilfellet
og dei ubundne Magter; han hadde lært, at der var
Lovar for Tungemaal og Tal; men han hadde ikkje
lært aa forstaa, at der var Lovar for Livet. Naar
Naudi var størst, var Hjelpi nærmast. Kanskje naar
han no kom inn, so laag der eit Brev til han paa
Bordet, eit Brev med ein Veksel, fraa ein ukjend Ven,
100 Dalar, 200 Dalar, 500, 1000 . . . Han trudde
det ikkje sjølv; men daa han steig inn paa Romet
sitt, glytte han urolegt burttil Bordet, um der skulde
vera nokot. Ved Gud! der laag eit Brev. Skulde
det vera tenkjelegt? Skulde Vaarherre i sin
uendelege Naade . . . Han reiv upp Brevet med skjelvande
Hender. Der stod:
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>