Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
_209_
elder dei lagad Gudsfrygt hjaa friske Fjell gutar ved
aa stappa dei fulle med Pontoppidanlatin, det kom
paa eit ut. Aldri hadde ei Bok gjort so mykje
Galskap som Pontoppidanta! Og slikt kunde dei
vitenskapelege Teologarne elska! Dei kunde lengje
nok snakka um den katolske Kyrkjelatin; Prestar var
Prestar, anten dei gjekk med Krage elder Hette.
Og so gjekk dei her og snakkad um, at det var dei,
som hadde skapt Folkeupplysning og ein ny Skule!
Var ikkje slikt Prestehumbug, so visste ikkje han
kva Prestehumbug var. »Jau, det er Pinedød
Prestehumbug!« ropad Røvararne fraa Appeninerne med
Slag i Bordet.
Daniel sat og stirde paa Fram som Fuglen paa
den fagre Ormen; han var rædd, men maatte fylgja med.
Xo tok Teologen Ordet ei Stund og reknad upp alt
det gode, Prestarne hadde gjort som
Skulekommissjons-formenn; han var so vond, at han vart væltalande.
Under dette tok Strand og Rud til aa smaadrøsa seg
imillom, og Daniel vart præsenterad som »ein av
vaare«. Hr. Strand bøygde seg i skjemtefull
Vyrdsemd og sagde, at han »vilde anbefale Os Elskelig
Jens Rud at overveie«, um dei ikkje »i Sagens
Anledning « burde hava 01; Jens Rud ringde paa
Johanne med Kaffikoppen og fekk inn nokre Flaskur,
som vart mottekne med Bravo-Rop. Fram og
Teologen dreiv paa, heitare og heitare; Presten som
Skulekommissjonsformann vart uppgjeven; Forsvararen
bergad seg inn i ein ny Posisjon og vilde forsvara
Presten som Sjælesyrjar; Fram vart rasande yver
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>