Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
.216
svarad Daniel; han vart gni att. Peter Dirk drog
upp den halva Ølflaska og slog i; men han slog berre
i til tvo. Dei vil ikkje drikka med meg, tenkte
Daniel; — men dess meir fær eg! »Yer so god!«
sagde Peter til Daniel og Ole. »Nei ver so god du«,
sagde denne til Peter. Peter tok Glaset, nikkad til
Daniel og drakk; Daniel reiste seg, steig ustødt
burt-til Bordet, tok Glaset med dirrande Haand og tømde
det. Aa Herre Gud, kor det smakad, og kor det
gjorde godt! Den, som no hadde havt eit Stykkje
Mat til! Med det .same saag han, at Peter berre so
vidt hadde smakat paa sitt Glas; Daniel forstod, at han
hadde faret galet og orsakad seg —: »Det er godt aa
faa 01, naar ein er tyrst«, sagde han. — »Aa ja—a«,
sagde Ole Bentsen.
Daniel gav seg til aa røda. Ølet gjorde han
modig, og so galdt det aa faa Kararne i Godlag.
Ole Bentsen sette seg i Ruggestolen framfor Bordet
og tagde; Peter Dirk lagde seg i Sofaen og røykte og
svarad ja og nei. Dei forstod so godt, kva han vilde.
Han hadde heile dette underlege, uhyggjelege Lag»
som merkjer Armingen, naar han er ute og skal »slaa
Pengar« og veit, at det er smaatt med Kreditten, —
dette snakande og nærsøkne og paa same Tid
underdanige; han pratad og pratad um slikt, som dei kunde
lika, gjorde seg kjend og kamineratsleg, og heldt med
dei i eit og alt liksom Hunden, som dillar med Rova.
Dei sat og ynskte Pyren til Hekkfjells Berg og vart
meir og meir tagalle, og Ole Bentsen tenkte med
seg, at Folk, som stelte seg slik, at dei kom i Beit,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>