Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
_244_
glodde ned i Parkettet, og ein Kaldflir laag og gjorde
seg vigtig ikring Munnen hans. Men Sven Dufva,
som nok og hadde ei Klo i Aksli si no, han sat
ihop-kropen som ein Tull, med Ryggen uppskoten og
Aal-bogarne til Vern paa baae Si dur, og peip so trufast,
so aalvorlegt, som um det galdt hans evige Sæla.
Daniel likad seg ikkje; han tenkte med seg sjølv, at
baade Sven Dufva og Peder Monsen hadde steilt seg
betre enn han, — kvar paa sin Maate.
Eit tungt, kvævt Dunder høyrdest, langt burte
elder djupt nede; Daniel visste ikkje, kva det var,
og dei, som peip, høyrde det ikkje; det var
Gongongen som gjekk. So rykte Politiet fram; det hadde
vortet mannsterkt no der nede i Salen. Den eine
Piparen etter den andre vart teken i Nakken og sett
paa Dør; heile andre Rad vart paa den Maaten rudd;
so tok dei til aa sløkkja Gasen. I tridje Rad var
der berre ein, som Politiet maatte taka seg av, og
denne eine var Sven Dufva.
Men Sven gav seg ikkje for Politiet helder.
Han klorad seg fast til Bolkekanten med den eine
Haandi og heldt Pipa med den andre og blees, og
Konstabelen maatte bruka heile si Magt for aa faa
han laus. Og so maatte Sven Dufva fylgja
Konstabelen paa Raadstova.
— Dei samlad seg etter Avtalen i Kafé nasjonal,
— den Flokken, som stod under Ruds Styring. Men
dei var færre no. Dei fremste i Flokken var i Ulag
og bannad; der hadde voret so mange Svikarar, sagde
dei. Hadde alle gjort sin Skyldnad, so skulde det
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>