Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - X.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
_260_
ho var, og den forstod »Borgeren« betre enn
Ideal-istarne.
Men so kunde han raa ka Lærar Borreberg ein
Dag, elder han kom til aa hugsa sine gode, ^ gamle
Venner og Lærarar, Hirsch, Bliland, Haugum, Jens
Bud, — og so forstod han, at »Borgeren« hadde Drett.
Nokot Urett iallfall. Dei andre hadde kanskje ikkje
helder fullt ut Rett; . . . enn den, som kunde finna
Millomvegen I
Der maatte vera nokot, som laag midt imillom
her. Dei gjekk vidt paa baae.Sidur; ein maatte
kunna forsona desse Motsetningarne. Og han mintest
det, han hadde høyrt av Professoren um aa
»medi-era«, um aa semja motstridande Ting i »en høiere
Enhed«. So gjekk han og balad med det ei Stund.
Han vilde gaa ut fraa dei Grrunntankame, han hadde
fraa Hirsch; so vilde han taka med so mykje han
kunde fraa »Den gode Borger«; dessutan vilde han
helder ikkje koma i Strid med Pater; likeeins fekk
han sjaa aa koma so godt til Lags som han kunde
med Pram og Jens Rud; for det vilde ikkje vera
greidt aa bita i Kjeppen med dei helder, um det
skulde koma til eit Ordskifte. Men di meir Daniel
tenkte paa alle desse »Motsetningarne«, di meir
hovudgalen vart han. —
— Den, som kunde ha voret modig! Det beste
vilde vera aa taka upp sine Meiningar fraa fyrr, vera
folkeleg som i gamle Dagar, og so forsvara sine
Meiningar med Nebb og Klo, baade mot Proprietæren og
mot dei andre. Men slikt var det ikkje tenkjande
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>