Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
_270_
Ved Dessertbordet vart Samtalen meir ivrig, meir
aalvorleg; dei talad um »Befordringsvæsen«. Og her
fekk Daniel høyra det, han ikkje fyrr hadde tenkt:
at fine Folk og kunde riva ned paa dei magthavande.
Det vart fortalt Ting um desse, som Daniel mest
maatte finna utrulege, og det var forunderlegt, at
ikkje »Bondevennen« hadde dreget fram slikt. Men
Lensmannen og Proprietæren forsvarad Magti, og der
vart ein heil Ordstrid. Grosseraren sat og tagde og
halvsmilte. Tilslutt sagde Becker, at naar ein saag
paa dette »Befordringsvæsenet«, so kunde ein Skam
mang ein Gong faa Hug til aa slaa seg til
Opposisjonen; for ein Opposisjonsmann, ein Sakfører elder
slikt, hadde jamt lettare for aa koma seg fram og
faa godt Embætte enn ein Departementsmann.
»Ja-he-he-he!« lo Hr. Petersen, »dersom ikkje
Opposisjons-mennerne var slike Bakbeist som dei er, so!« No
maatte Proprietæren og læ so smaatt; men Knutzon
snudde seg braadt til Daniel og sagde: »Ja Di er
vel ikke Opposisjonsmann, Huslærer ?« — »Ne-nei«,
stotad Daniel og vart raud.
Etter Middagen gav Fru Storr Musikk. Det
var stor Musikk; Daniel forstod ikkje det Grand, men
klappad med dei andre. Alle saag dei gode og
fornøgde ut; dei sat og røykte og kvilte og meltad
Maten, mette og late som Gudar. Men Lennsmannen
og Endre Storr sat i Sofaen og smaapratad, venteleg
um Musikk.
— Ja, slik kunde ein hava det, naar ein var
rik. God Mat og Drykk, Fred og Ro og godt Sel-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>